søndag 24. april 2011

Nøtteliten

Ein av dei artigaste skapningane eg veit om når eg ferdast i skog og mark er ein liten nysjerrig og spenstig fyr med lang buskut hale.  For fyrste gong i år møtte eg på han i ettermiddag på ein av mine mange skogsturar. 
Med hund i band som streva etter å klive opp i furua til fanten var det ikkje enkelt å halde kameraet i ro, men av og til går formidlinga av situasjonen framom kvaliteten på bildet.

fredag 22. april 2011

Aprilbilder

Noko av det finaste eg veit om våren er når lerka foldar ut sine fantastiske blomsterskot i dei utrulegaste kombinasjonar av rosaraude fargar.  Sjølv om dei fleste vil ha sol og knallblå himmel i påska er det ingen grunn til å sitje inne og sture om det regnar ein skvett og skodda heng tjukk ned i fjella.  Ta med kamera og kom dykk ut, det er berre innsida av haudet som set begrensning for fotomotiva.  Fortsatt god påske til alle i Nordfjord fotoklubb og andre fotointresserte. 

lørdag 16. april 2011

Vårteikn

Eit sikkert teikn på at våren nærmar seg er at dei siste snøflekkane held på og forlate hagen og med det er vårvinna snart i gang.  Eit like sikkert teikn er at froskane legg egg i elvar og dammar og etter ein liten tur i marka i ettermiddag fekk eg bekrefta det.  Dei fleste av oss har vel prøvt seg på froskeoppdrett ein eller annan gong i barndommen.

mandag 11. april 2011

Fuglar på brettet

Foringsesongen på fuglebrettet nærmar seg slutten, og i går prøvde eg eit nytt eksperiment for å få nokre av desse lynraske skapningane inn i linsa.
Etter mange forsøk med fjernstyrt kamera, bilder med ope vindauga og diverse anna, tok eg ganske enkelt ein stol og sette meg 2-3 meter frå brettet.
Fuglane var kjempeskeptiske i fyrstninga, men etter ei stund tok svolten overhand og eg fekk knipsa nokre bilder.  Ikkje uventa hadde grønnsisiken dei beste nervane, opptil 5-6 fuglar gomla i seg solsikkefrø utan å bry seg om meg.  Eg strevar for tida med problem med kamerautstyret så bildekvaliteten er no så som så, men ikkje verre enn dei kan brukast.



søndag 3. april 2011

Drivis



Eit av dei sikraste vårteikna vi som bur her ved Hornindalsvatnet har, er når isen forsvinn frå vatnet.  Dei siste dagane har isen fått hard medfart, og i kveld tok vinden seg av dei siste isflaka.  Eg legg ut nokre bilder over naturens sjakkbrett, og kor fort det skiftar.  For ca. 40 år sidan låg isen heil i vatnet 1. mai og snøen låg tjukk overalt.  Siste isrestane forsvant 8. mai, og det er det seinaste eg kan hugse isen har lege.