onsdag 15. juni 2011

Runde fyr

Eg må innrømme at eg vart imponert over Runde fyr og på området rundt.  Ei fantastisk oase med storhavet rett utanfor, og motiva som stod i kø for å bli fotograferte.  Ein del advarslar om kor tungt og bratt og sleipt det var å kome ned til fyret var sterkt overdrive.  Det var berre ein leik sjølv for utrena fjellgeiter frå indre strøk av fjordane, vi er vande med mykje verre.  Dagens blogg er litt prega av at hovudmotivet var dei elegante havsulene som hadde trekkruta frå fiskefeltet rett over hovudet på rasteplassen vår.


tirsdag 14. juni 2011

Macrotur

Her kjem eit lite knippe med macrobilder eg tok på ein liten tur  eg hadde i marka i ettermiddag.  Det er utruleg kva motiv som finst rundt om berre er litt observant og legg merke til alt som lever, spirer og gror uansett kvar du legg turen.  Alle motiva er fotograferte på frihand , og det er ei utfordring og få  skarpe bilder når marginane er så små. 


mandag 13. juni 2011

Runde 2011

Eg vil fyrst få takke ein herleg fotogjeng for ei kjempehelg på Runde.  Kjempeflott båttur med grotta som høgdepunkt, lange fine fjellturar, sjarmerande lundefuglar, fotografering dag og natt, masse kjempegod mat, triveleg og inspirerande selskap, og til slutt Runde fyr som prikken over i en søndag ettermiddag.  Dei fleste av oss amatørane har som oftast meir enn nok med å klare å få skarpe bilder av stilleståande motiv og allverda tid til å stille inn kameraet.  Når du står på dekk i ein gyngane båt og motiva kjem susande som prosjektilar i alle retningar, lysforholda skiftar alt etter kor hen du siktar med kameraet, då kan frustrasjonen ofte ta overhand.  Respekta for dei som klarer å ta sylskarpe bilder under slike forhold blir ikkje mindre etter det.  Her kjem eit lite knippe av mi motivjakt i helga.