onsdag 24. august 2011

Paddevandring

Hausten er ei tid då fuglar og dyr er på vandring, flyttfuglane dreg mot varmare strøk, og paddene leitar etter ein dam dei kan overvintre i.  På enkelte vegstrekningar kan det være ganske mange padder som passerar når du kjem køyrande.  Då bør du helst køyre slalom mellom dei for ikkje å klistre dei i vegbana, dei har ikkje gjort deg noko.  Eg fekk lyst til å forevige eit av desse vraltande dyra, så dagens bilde er portrett av ei padde i lyset av ei hovudlykt.

Kviefossen

Kviefossen er eit motiv eg stundom avlegg eit besøk, og i kveld tok eg turen for å leike meg litt med lang lukkertid. Eg er ikkje heilt nøgd med alle innstillingane, men her er no eit lite knippe av kveldens fangst.



mandag 22. august 2011

Haust

Hausten er eigentleg ei fin tid, for då kan ein hauste av årets avling av alle slag og nyte godt av det som har vakse  i løpet av sommaren.  Eg vil absolutt ikkje skryte på meg å være nokon fruktdyrkar, men vi har faktisk 3 frukttre i hagen.  Eit plometre der det hender seg at plomene blir mogne før snøen kjem, akkurat no er dei på storleik med druer. Så har vi eit tre eg knapt nok veit kva er for det veks det berre lauv på.  Og så har vi eit kirsebærtre som av og til glimtar til med nokre små raude bær som trastene slafsar i seg før dei er etande for folk.  Stor var difor overraskinga i går då eg oppdaga eit raudt, fint kirsebær som trastene hadde oversett.  Det måtte sjøvsagt takast bilde av som den einaste avlinga i år.  Diskusjonen var sjølvsagt stor om vi skulle sylte det eller ha det til dessert.  Det vart det siste.


torsdag 18. august 2011

Flaumskade

Sist søndag kveld køyrde eg panoramavegen for å sjå på skadene etter storflaumen for tre veker sidan, og her kjem nokre glimt frå den turen.


Denne brua mellom Rand og Åland blir nok ikkje køyrbar på ei stund.



Vannstanden i denne elva har nok vore i meste laget for gjennomløpet i brua mellom Bergset og Sølvberg.




Gamlekarane kunne sitt fag, det er heilt utruleg at denne vesle kvelvingsbrua har stått imot dei store vassmengdene.



Det er når ein kjem inn til Dokset dei verkeleg store øydeleggingane er.  Det går ikkje an å forestille seg kva vassmengder og krefter her har vore i sving, og korleis det måtte være å bu like inntil denne elva den flaumnatta.





Denne brua kjem vel aldri på vegen igjen.



Her i Holmøyvika er vel ikkje øydeleggingane så store, men at det har vore mykje vatn i sving er det ikkje tvil om for elva gjekk over riksvegen.

onsdag 17. august 2011

Morgonstemning

Eg kunne ikkje la være å legge ut dette bildet eg tok i dag tidlig før eg sette meg til frukostbordet.  Bildet er noko undereksponert for å få fram skyene.


Macrofluge

Eg sat i går kveld og jobba litt på PC en då eg fekk besøk av ei lita fluge som tok kveldsstellet sitt på tastaturet. Sjølvsagt rigga eg meg til med speilrefleksen med macrolinse, mellomring og let fluga spegle seg i speilrefleksen frå 5 cm avstand. 
Her er resultatet med dårleg lampelys, stor blendar, langsom lukkartid og frihand.

mandag 15. august 2011

NM friidrett del 2

Friidrett har vore hovudinteressa mi i mange år, og søjlv om eg no har "lagt opp" som trenar er friidrettsinteressa fortsatt til stades.  Difor måtte eg og ha med meg søndagens øvingar på Byrkjelo.  Eg er for det meste van med å gå på indre bane når eg fotografererar, men det fekk eg ikkje høve til denne gongen, og difor ber enkelte av bilda preg av litt for lang avstand til motivet.

Andreas Torkildsen

Her er bileta frå vinnnarkastet til Andreas Torkildsen som og satte ny bestenotering i verda for i år.





Kongepokalvinnararane, Andreas og Mona, fekk seg og ein
helikoptertur i ekstrapremie.



Eg har og plukka ut eit lite knippe av dei andre norgesmesterane.



Urige Arado Buta, 10 000 m



Tonje Angelsen i høgde



Tove Beate Dahle i spyd



Sindre Almsengen i tresteg










søndag 14. august 2011

NM i friidrett på Byrkjelo

Cathrine Larsåsen er eit ynda intervjuobjekt,
som vart suveren norgesmester i stavsprang,

men som ikkje klarte å setje ny norsk rekord fordi ho
hadde alt for kort stav.



Mona Holm imponerte alle inklusiv seg sjølv med å setje
norsk og nordisk rekord i slegge, og sikra seg VM billett.

Her blir ho gratulert av president i Norges Friidrettsforbund,
Svein Arne Hansen.



Ei smørblid Ingvill Måkestad Bovim blir her intervjua av 
NRK etter


ein suveren siger på 800 m.


Strynejenta Inger Anne Frysedal, som no representerar
Tjalve, har god grunn til å være nøgd med gull i tresteg, og 
sølv i lengde.


Her i dagens lengdekonkurranse. 

søndag 7. august 2011

På flukt

Dei fleste som driv med foto profesjonellt eller som hobby søkjer vel stadig etter nye utfordringar.  Slik er det også med meg, og dagens bilder er jakta mi på flygande insekt.  Eg veit ikkje kva motivet heiter, men dei er litt mindre enn ei vanlig husfluge, og bevegar seg til tider lynkjapt.  Resultatet vart vel ikkje heilt topp, men du kan no prøve sjølv og sjå kor enkelt det er. 

fredag 5. august 2011

Nor bru by night

I kveld fekk eg lyst til å eksperimentere litt med lange eksponeringstider etter å ha sett eit bilde frå ein anna bloggar.  Her er Norsbruna opplyst ved hjelp av billys.


torsdag 4. august 2011

Grågås

Eg var ein tur på fjellet i dag og høyrde ei voldsom aukande kakling eg ikkje heilt forstod kva var for noko.   Etterkvart forstod eg at det måtte være grågås, og fekk auge på ein svær flokk på rundt 180 fuglar som prøvde å finne plogformasjonen.  Heldigvis låg speilrefleksen i sekken, og då var det berre å fyre laus.


Fiskelukke

Det yngste medlemmet i familien, Kristine, har vore med på fisketurar sidan 2 årsalderen, og det er ikkje få kreder og ørretar ho har drege på land.  Dei siste par åra har ho og fått smaken på laksefiske, og har vore nær ved fleire gonger.  I ettermiddag landa ho sin fyrste laks på 5,7 kg og var sjølvsagt kjempefornøgd over å endeleg ha lukkast.


onsdag 3. august 2011

Møretur

Dagsturar i nærområdet er både spanande og lærerikt, og i forrige veke fekk bygda Flø på Sunnmørskysten eit lenge planlagt besøk.  Eg trudde i utgangspunket at Flø bestod av to hus pluss ein Moods of Norway butikk, men vart kjempeoverraska over alle dei store, fine og flate gardsbruka og alle husa der ute.  Ei naturperle med storhavet rett utanfor.



På biletet under ser vi den ikkje heilt ukjende øya Runde som dei fleste fugle og fotointeresserte har besøkt, så også medlemmar i Nordfjord fotoklubb tidligare i sommar.





Macroobjektivet er alltid med på tur, og det er utruleg kva ein kan finne av rare plantar berre ein ser seg litt omkring.





Returen gjekk via Festøy, Standal mot Ørsta og Austefjorden, og ei det fantastiske været var det ei oppleving med dei flotte fjella i Hjørundfjorden i solnedgongen.  Må forøvrig nemne at det spisse fjellet i bakgrunnen på biletet under er Hornindalsrokken.  Det er mitt favoritt fjell og turen opp dit er berre heilt topp dersom du ikkje har høgdeskrekk.





Eg heldt på å ramle på elva i rein begeistring då eg fekk sjå denne perla av ei kvelvingsbru på Ytre Standal.  Den er bygd i 1842 og er den eldste kvelvingsbrua i distriktet.