fredag 30. september 2011

Opera

For ein heilfrelst operaelskar, korsongar og hobbyfotograf er morgondagen eit av dei store høgdepunkta for heile året, nemleg generalprøva på årets operaoppsetting i operahuset på Eid, Tryllefløyten.  På fremste rad med kameraet skotklart, få suge til seg musikken, stemninga, dei utrulege kulissane og kostymane, det fantastiske koret og solistane, det får gåsehuda til å reise seg på heile kroppen i frydefull forventning.  Dagens bilder er nokre små klipp frå nokon av siste års operaforestillingar.  Eg gler meg!







tirsdag 27. september 2011

Nordlys

Hei igjen!  Dersom det er nokon av gjestene mine på bloggen som trudde at eg hadde slutta med fotografering, må de tru omatt.  Fotoværet har ikkje vore det beste siste par vekene og det er vel kanskje fleire som har oppdaga.  Eg skulle prøve meg på fotografering i ausande regnveir under hjortejakta for eit par veker sidan ved hjelp av plastpose rundt kamera, noko som eg hadde prøvt før. Då hadde eg imidlertid ikkje reim på kameraet så det gjekk bra.  Denne gongen laga eg hol i plastposen til reimane med det resultat at kameraet vart vått, slutta og virke, og ein frustrert fotograf fekk ikkje dei bilda av hjorteslaktinga han hadde tenkt seg. Tilsvarande bilder frå i fjor har enten blitt sletta eller gøymt seg i fotoarkivet. Kameraet måtte til tørk framfor ein vifteomn, og er i dag friskmeldt.  Patenten med hol i plastposen anbefalast hermed ikkje.  Dagens bilder er nok ein variant av bilder frå kjøkenglaset.  Oppdaga seint i går kveld at det var nordlys på austhimmelen, noko som var observert heilt sør til Oslo.  Ellers fekk eg bilde av heile regnbogen på eit bilde over heile Hornindalsvatnet takka være mitt relativt nye 15-85 mm objektiv som eg er veldig nøgd med.





onsdag 7. september 2011

Låvemesse i Monsgarden

I helga arrangerte Nordfjord Quilteklubb låvemesse i Monsgarden i Leivdalen, og det vart ein braksuksess.  Vi i Stårheim Songlag var så heldige at vi var inviterte til denne storhendinga, og sjølv om berre vel halve koret møtte fram såg det ut til at publikum likte det dei høyrde.  Vi i Stårheim songlag har sunge i katedralar både i Russland og Irland, i kyrkjer, bedehus og forsamlingslokale frå Brekke i sør til Hareid i nord, men maken til atmosfære og kulissar vi hadde i helga trur eg ikkje vi har opplevd nokon gong.  Omkransa av fantastisk handarbeid det har teke titusenvis av timar og lage, planlegge og stille ut, var det heile berre heilt imponerande.  Terningkast 7 av 6 oppnåelege til damene i quilteklubben.  Får vi kome igjen til neste år og? Eg vil og takke min glimrande medfotograf Jorunn Breiteig som eg heldigvis lånte vekk kameraet til for å fotografere koret.
Her kjem nokre glimt frå søndagen.









lørdag 3. september 2011

Blindpassasjer

Eg dreiv og slo plenen i kveld då eg oppdaga ein liten blindpassasjer på klipparen.  I frykt for å skade den vesle krabaten måtte eg fjerne den frå det motoriserte uhyret og ta ein liten fotopause i hoslåtten.  Dårleg lys og uvillig fotomodell gjorde sitt til at resultatet vart så som så, du kan no sjølv prøve å få ei åme til å posere slik du vil.



torsdag 1. september 2011

Hair

Sjølv om det er nokre veker sidan Malakoff, driv eg enno med redigering av bilder frå festivalen.  Alle som har fotografert på ein festival eller ei forestilling der lys og fargar skiftar i rasande tempo og aktørane på scena er konstant urolege, veit at det ikkje er enkelt å få gode bilder.  Med si enorme hårprakt var Satyricon den gruppa eg tykte var mest utfordrande og artigaste å få "has" på med kameraet.  Dagens bilder er nokre av mine forsøk på å feste frisyrane til Satyricon på minnebrikka.