søndag 30. oktober 2011

Sjukehuset 75 år

Sjukehuset feira i kveld sitt 75 årsjubileum i eit nesten fullt operahus.  Det var ei flott, mangfaldig og verdig feiring  av jubilanten.  Her kjem eit lite knippe av bilda mine frå jubileumsfeiringa.












onsdag 19. oktober 2011

Hat trick

Det er ikkje så ofte ein og same jeger skyt tre dyr i same jaget, men det opplevde vi sist søndag.  Dagens fotoserie handlar om  ein særs nøgd hjortejeger og ei vellukka jakt i nydeleg haustvær.


Vi er klare til innsats!!

Lang, lang rekke.






Eg er klar!



Er sitjarane på plass??!


Første dyr på veg ned.

Større dyr og to dragarar.


Ein serdeles nøgd jeger med hat trick, stor bukk for fyrste gong, og tre dyr i same jaget!

Det er lov for fleire jegerar og posere med slike trofe!



Ein svært fornøgd gjeng etter ei vellukka jakt.

Storbukken er ikkje alltid så lett å få med seg.

I djup konsentrasjon om slaktinga.

Leksjon i knivsliping.


Uten mat og drikke.....


Det er greit med vasstett bil når bagasjerommet har vore full av hjort.

mandag 10. oktober 2011

Litt meir hjortejakt og sånn

Det er mange sider med det å være med på hjortejakt.  Mange ungar er med frå dei er ganske små, treffer nye vener,  blir med som jagarar og lærer jakta frå innsida lenge før dei kan byrje med våpen.  Innimellom øktene med jakt og jaging blir det og tid til å studere naturen ikring seg og leike seg med dei moglegheitene ein har til rådighet.  Her kjem nokre bilder frå jakta forrige helg der fotografen prøvar litt kreative vinklar.














mandag 3. oktober 2011

Hjortejakt

I mellom 15 og 20 år har eg vore medlem av "Hjortejaktlaget fugl og fisk".  I motsetning til dei fleste jegerar har eg eit litt anna våpen enn det ein forbind med hjortejakt, nemleg min Canon 500 D.  Eg skal kome tilbake med fleire reportasjar vedrørande det eksklusive hjortejaktlaget eg er med i, men tek her med nokre bilder frå helgas (foto)jakt.










søndag 2. oktober 2011

Tryllefløyten

Fredag kveld hadde eg æra av å være til stades på generalprøva på Tryllefløyten.  Eg har vore på samtlige operaoppsettingar til Opera Nordfjord sidan starten, men maken til kulissar og kostymer har eg aldri sett.  Eg spurde einkvan etter forestillinga om dei hadde leigd inn alle desse kostymane og fekk greie på at alt var sydd her på Eid.  Det er ikkje til å tru.  Eg må berre gratulere den fantastiske gjengen som står bak dette enorme arbeidet med ein eineståande innsats, de har god grunn til å være kjempestolte av dykk sjølve.  Her kjem nokre bilder frå forestillinga.