søndag 29. januar 2012

Vinter

I dag viste vinterværet seg frå si aller beste side, og eg nytta høvet til å gå på motivjakt. Det er vel ingen som kan konkurrere med naturen sjølv når det gjeld skulpturar, lys, form og farge.  Her kjem litt av dagens fotofangst.













lørdag 28. januar 2012

RUSSEREVY

Premieren på årets russerevy gjekk nettopp  av stabelen i operahuset, og dei frammøtte fekk full valuta for inngongspengane.  Det var til tider ei hylande morosam forestilling med kjempedyktige aktørar på scena.  Til dei som enno ikkje har bestilt billett til laurdags kvelden:  fyll opp operahuset til siste plass, det har Eidarussen ærleg fortent.  Her kjem eit lite knippe bilder av mi oppleving frå fredagens forestilling:














torsdag 26. januar 2012

Kulturskulekonsert i Gamlebanken

Eg tok ein tur innom Gamlebanken i kveld for å få oppleve den fantastiske kulturskulen i vi har i Eid.  Elevane held eit utruleg nivå så det var berre  nyte dei vakre tonane som vart lokka fram på dei ulike instrumenta. Kjempeimponerande!!  Her kjem nokre små glimt frå konserten.








søndag 22. januar 2012

Is og snø

Eg køyrde ein tur gjennom fylket i dag i strålande vintervær med sol, lavskog og puddersnø.  Ja, det var så vakkert som Sogn og Fjordane kan være på ein finevæsdag i januar.  Ved tunellinnslaget på Fjærlandsida måtte eg berre stoppe nokre få minutt og forevige Bøyabreen i vinterskrud. 



søndag 8. januar 2012

Varetelling

Det er mange som i desse dagar har ein gjennomgang på året som gjekk.   Dei som har butikk driv med varetelling for å få oversikt over fjoråret og så også med meg.  Eg har og hatt ein liten tur i bildemappene mine om ikkje akkurat for å telle bilder, men for å legge ut nokre av fjorårets opplevingar på bloggen.  Her kjem difor ein liten kavalkade over min tur i bildearkivet mitt frå året som gjekk.













søndag 1. januar 2012

God Nytt År

Når ein har berre ein sjangse for året til å fotografere nyttårsrakettar, må ein være på plass der det skjer når det skjer.  Dei siste åra har eg nytta sjangsen ved å være i sentrum  av Eid rundt midnatt nytårskvelden for å gjere eit forsøk på å feste rakettane til minnebrikka.  Så også i år, og eg vil nytte anledninga til å ynskje alle i Nordfjord fotoklubb  og andre besøkande på bloggen min eit riktig Godt Nytt År med resultatet av årets rakettbilder.