søndag 29. april 2012

Rognes

Noko av det artigaste eg veit er å gå på oppdagingsferd på stader eg ikkje har vore før, og eg treng ikkje reise langt for å finne for meg uoppdaga reisemål.  Ein av dei stadane er ein skogsveg på Rognes som eg har køyrt forbi i mange år, men aldri har gått før i dag.  Om opplevingane ikkje akkurat står i kø på ein slik tur, er våren i fineværet med hjort som plutseleg spring over vegen, og knoppar som sprett ut meir enn nok for meg.  Her kjem noko av dagens fangst:










Løvekatt

For nokre dagar sidan var eg en tur sørover i fylket, og i ein hage trefte eg på ein katt med ei frisyre eg aldri har sett maken til før.  Har du?



mandag 23. april 2012

Tur

Har du nokon gong tenkt over kva ein tur eigentleg er.  I mine auge kan ein tur være ein tur til postkassa, Amerika eller ein tur på butikken.  No er det ytterst sjeldan at eg tek med kameraet på tur  til postkassa eller butikken, men ellers er det stort sett med heile tida.  Sist søndag var eg ein tur Skaugsetmarka for å sjekke framdrifta med skogsvegen, og den nærmar seg fundamenta for spennet over Honindalsvatnet med stormskritt. På same turen gjekk vegen innom eit gamalt kværnhus som eg aldri har vore innom før, og det måtte sjølvsagt forevigast.  Til slutt måtte eg ha med solnedgongen vestover Hornindalsvatnet.







Skodde

Skodde kan gje mange fine stemningar, og søndag føremiddag var det spesiellt fint då sola jaga vekk skodda frå skog og vatn og avdekka eit gryande vårlandskap.  Her ser vi Skaugsetgardane i Nesbygda ristar av seg siste skoddedottane og dukkar fram i solskinet.

søndag 22. april 2012

Edderkopp

Endeleg er våren komen, og alle slags rare småkryp kjem fram frå vinterdvalen for å få litt solvarme i kroppen.  Denne krabaten trefte eg på i hagen i dag og den er ca 1 cm og fotoavstand er ca. 10 cm med 60 mm macrolinse.  Vi går no ei herleg tid i møte med fotomotiv i hundrevis, det er berre å gå ut og forsyne seg, god jakt!

UKM

I helga gjekk fylkesfinalen i UKM av stabelen i operahuset, og laurdagskvelden var einaste anledninga eg hadde til å sjå forestillingane. Der var utruleg mange dyktige aktørar på scena, og her kjem litt av det eg fekk festa til minnebrikka:










søndag 15. april 2012

X2 2012

I går var eg ein tur til Volda og prøvde nye utfordringar som fotograf.    Der arrangerte dei stemne i longboard, og det baud på mange artige motiv i under svært vekslande vær og føreforhold.   Her kjem nokre glimt frå arrangementet:


















lørdag 14. april 2012

Strauss og Wagneraften

For dei som hadde funne vegen til operahuset i kveld vart det ei stund med storslått musikk, fantastiske musikarar og to solistar som bergtok publikum frå fyrste strofe.  Opera Nordfjord har nok ein gong vist at dei er profesjonelle til fingerspissane og hadde fortent meir enn halvfullt hus.  Her kjem nokre glimt frå kvelden: