søndag 20. mai 2012

Postvegen

Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: dersom du har litt fantasi har du ubegrensa tilgang på alle typar turar i nærområdet.  Om du er supertrimmar og spring på fjelltoppar, er pensjonist, har familie med små ungar eller berre skal lufte bikkja ein kveld er det berre å forsyne seg.  Dagens turtips finn du ved enden av Bjørkedalsvatnet og består av den gamle post og båtdragarvegen som går til Kile.  Eg har i mange år tenkt å ta den turen, og i det fantastiske vårværet i dag la Liv og eg avgarde med kvart sitt kamera.  Med to slike fotoentusiastar på tur går det ikkje fort framover fordi motiva dukkar opp for kvar tiande meter, og det meste skal studerast.  Her er dagens fangst frå turen, frå skumfigurar i vatnet, Olavskjelda, den 98 år gamle gjenreiste steinkrossen til minne om Heilag Olav, steinalteret der det er gudsteneste ein gong i året og til brurehillaren.











torsdag 17. mai 2012

17. Mai 2012

I dag har det vore feira 17. mai over heile landet, og tross dystre spådomar om regn og dårleg vær har det vore ein fin og litt kjølig dag som dei fleste er godt nøgde med.   For oss som er glad i å fotografere har det vore glimrande forhold med godt lys og lite skuggar.
Eg vil og sende ei helsing til to fantastiske damer og naboar i Lindvika, Jorunn og Torill, som på ein glimrande måte heldt kvar si flotte tale. Jorunn tala på sjukehuset og Torill på Hjelle, flott levert jenter!  Dagens bilder er frå barnetoget på Eid og frå feiringa på Hjelle. 
































søndag 6. mai 2012

Macrotur til Norsætra

Dersom du sit inne og sturer og trur at det ikkje finst fotomotiv når gradestokken nærmar seg null og snøbygene jagar mellom fjella, tek du skammeleg feil.  I dag var det akkurat slikt veir då eg hivde fotosekken på ryggen og la i veg mot Norsætra.  Ein del plantar har no sett på kalendaren og funne ut at det er vår, og då skal dei opp av jorda uansett snø eller ikkje.  Eg brukte for et meste macrolinsa på turen og alle er tatt på frihand utan stativ.  Her er resultatet:



Det er greit å få krøllane ut av snøen!





Det er ofte lettare å sjå motiva når alt er kvitt rundt.


Snøskjegg


Kom mai du skjønne milde!


Bustetroll

Skaugsetmarka

I går kveld var eg ein tur i Skaugsetmarka for å "inspisere" nyevegen.  Det hadde ikkje skjedd så veldig mykje sidan sist eg var der bortsett frå at den var grusa heilt på Gamlesætrehogen, og det er ikkje så mykje å ta bilde av.  Eg gjekk deromot heilt til enden av trasseen, og der dukka skiltet "omnen" opp.  Nyskjerrig som eg er måtte det undersøkast nærare, og det viste seg at det var tufta etter ei gammal tømmerkoie som hadde stått der.  Eg har sjølv vore inn i den koia for ca. 50 år sidan, og den var vel nærmast som eit lite krypinn med ein omn å varme seg på når skogskarane åt nista medan dei var på tømmerhogst.  Restane etter omnen  ligg der framleis.  Det er vel 20-30 år sidan sist eg var i området, og eg fylgde då ein gamal skogsveg (endå mykje eldre enn den eg tidligare har beskrive og som no blir opprusta) frå Vikane som ligg midt mellom  Skauset og Fureneset ved hovedvegen.   Eg fann ut at eg ville gå ommatt den gamle vegen, og den fann eg att med ein gong.  Nydeleg plassert i terrenget og delvis oppmura med gråstein ligg den der mosegrodd og fin og eg kosa meg for kvar meter, for  er det noko eg likar er det spor etter flittige arbeidsnevar som har laga varige minner ved hjelp av gråstein.  Her kjem nokre glimt frå turen langs "den eldste vegen".




Knøsk ein og to



Ei furu som veks på ein stein er lett match for ho Dagmar.


Denne nydelege gamle kloppa ligg langs den gamle skogsvegen.


Denne stikkrenna var laga lenge før plastrøra var funne opp.

Då eg vel var komen til Skaugset igjen møtte eg ein vegg av snøelingar.