søndag 6. mai 2012

Skaugsetmarka

I går kveld var eg ein tur i Skaugsetmarka for å "inspisere" nyevegen.  Det hadde ikkje skjedd så veldig mykje sidan sist eg var der bortsett frå at den var grusa heilt på Gamlesætrehogen, og det er ikkje så mykje å ta bilde av.  Eg gjekk deromot heilt til enden av trasseen, og der dukka skiltet "omnen" opp.  Nyskjerrig som eg er måtte det undersøkast nærare, og det viste seg at det var tufta etter ei gammal tømmerkoie som hadde stått der.  Eg har sjølv vore inn i den koia for ca. 50 år sidan, og den var vel nærmast som eit lite krypinn med ein omn å varme seg på når skogskarane åt nista medan dei var på tømmerhogst.  Restane etter omnen  ligg der framleis.  Det er vel 20-30 år sidan sist eg var i området, og eg fylgde då ein gamal skogsveg (endå mykje eldre enn den eg tidligare har beskrive og som no blir opprusta) frå Vikane som ligg midt mellom  Skauset og Fureneset ved hovedvegen.   Eg fann ut at eg ville gå ommatt den gamle vegen, og den fann eg att med ein gong.  Nydeleg plassert i terrenget og delvis oppmura med gråstein ligg den der mosegrodd og fin og eg kosa meg for kvar meter, for  er det noko eg likar er det spor etter flittige arbeidsnevar som har laga varige minner ved hjelp av gråstein.  Her kjem nokre glimt frå turen langs "den eldste vegen".




Knøsk ein og to



Ei furu som veks på ein stein er lett match for ho Dagmar.


Denne nydelege gamle kloppa ligg langs den gamle skogsvegen.


Denne stikkrenna var laga lenge før plastrøra var funne opp.

Då eg vel var komen til Skaugset igjen møtte eg ein vegg av snøelingar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar