lørdag 28. juli 2012

Hornindalsvatnet maraton

I dag gjekk Hornindalsvatnet maraton av stabelen og eg var som vanleg ute og kika litt på løpet som forresten går rett forbi stovedøra mi.  Eg fekk med meg starten i Lindvika, og måtte også ta med ein entusiastisk heiagjeng på Nor som stilte med norske flagg og reinska stemmeband, flott levert.  Dei siste bilda tok eg ved Maragjølet på den nyoppussa gamlevegen på utsida av tunellane,  det var reine nostalgien  og få med løparane i dei idylliske omgjevnadane der. 














fredag 27. juli 2012

Rockefans

Malakoff Rockfestival er allereide historie, men eg har likevel ikkje tenkt å sleppe festivalen heilt.  Noko av det morosamaste eg veit er å fotografere rockefansen på nært hald framfor scena, og her kjem eit heilt album rockeportrett tilegna Norges herligaste rockefans.