søndag 18. november 2012

Korkafe i Valhall og Hennebygda

Det har vore ei helg med mykje kulturaktivitetar, og blant dei arrangerte Stårheim songlag korkafe i Valhall på laurdag og i Hennebygda på søndag.  Korkafear har mange positive element i seg.  Kora får presentere programmet sitt for publikum som i gjen får god underhaldning, kaffi og kaker og bite i og anledning til å kjøpe årar på loddsalet.  Dessutan blir det og tid til ein god drøs over bordet.   Her kjem nokre glimt frå begge arrangementa. 



















Sigrid Moldestad

Fredag kveld hadde operahuset besøk av Sigrid Moldestad med musikarar, og eg har litt problem med å finne ord som dekkjer den opplevinga det er å sitje i salen med slike kunstnarar på scena.  Det næraste eg kjem på er magisk.  Sigrid trollbind sitt publikum på ein heilt særeigen måte med  blendande felespel, vakker song, nydelege melodiar og tekstar og eit herleg samspel med sine dyktige medmusikarar. Det var heilt tydeleg at publikum storkosa seg i dei knappe to timane konserten varde der det veksla mellom latter og tårer, skjemt, alvor og herleg direkte kontakt med publikum.  Sigrid, det er ikkje vanskeleg å trille terning etter dette, den har seks prikkar på alle sider, du er hjarteleg velkoma tilbake ved ei seinare anledning.  Det finst ikkje bilder som kan gjenskape ei slik forestilling, men her kjem nokre glimt frå konserten.










søndag 11. november 2012

First Lego League

Det har vore stor aktivitet i operahuset dei to siste dagane, fyrst med kulturnatt på fredags kvelden og så fylkesfinalen i first Lego League heile laurdag. Eg må inrømme at eg var litt nysgjerrig på dette legogreiene så eg slengde fotosekken på ryggen og tok turen innom for å finne ut kva dette gjekk ut på.  Eg vil ikkje gje meg ut på å forklare i detalj vedrørande konkurransane, men stemninga blant deltakarar og publikum var upåklageleg.  Det var heller ikkje så reint lite nervøsitet, frustrasjon, konsentrasjon og spaning blant dei deltakande laga på scena.  Det var akkurat slik som det skal være i ein fylkesfinale.  Her kjem  nokre glimt frå stemninga i salen og blant deltakarane.  ( Det vil og bli lagt ut fleire bilder på nettsidene til Eid Vidaregåande Skule etterkvart.)


















Kulturnatt

Fredag kveld var det kulturnatt i heile Nordfjord, og eg var ein tur rundt i sentrum av Nordfjordeid for å sjå på kva som skjedde her.  Fyrste stopp var Kringla og Eid Frivilligsentral der det var bokslepp og Cd presentasjon der tilhøyrarane kosa seg med kaffi og noko å bite i. 
Deretter gjekk turen til Operahuset og kulturskulen sitt arrangement der.  Der var det flott stemning, mykje folk og mange fine prestasjonar på scena.  Eg blir stadig like forundra over tilstrøyminga av unge lovande talent som opptrer på podiet med song og musikk som den største sjølvfylgje.  Her kjem noko av det eg opplevde gjennom linsa mellom instrument, ledningar, notestativ og mikrofonar.