søndag 27. januar 2013

Isfiske

Det kalde været i det siste har ført til at det er stor aktivitet på islagde vatn rundt i distriktet. Slik og på Hornindalsvatnet som freistar med trygg is på nedre del av vatnet.  Det kan likevel  være lurt å spørje lokalkjende folk før du legg utpå.  Sjølv om det var litt surt vær i dag og eit lite sørpelag låg oppå isen var det ingen grunn til å sitje inne.  Isfiske er ein fin aktivitet og i Nesbygda var det nokre ivrige fiskarar som til og med hadde teke ekkolodd i bruk for å lure fisken. Resultatet var ei fin røye som vart pannesteikt på bål og smakte godt i lag med pølser og pannekaker steikt på stormkjøkken. Det er ingenting som smakar så godt som mat som er laga ute i det fri og ein er svoltne etter ein tur på isen. Det blir og gjerne tid til fleire økter for dei aller ivrigaste.  Her kjem nokre glimt frå dagens aktivitetar.









lørdag 26. januar 2013

På glattisen med Eid Bondelag

Sist onsdag var det duka for skeiselaup i Vedvikvågen på Hornindalsvatnet i regi av Eid Bondelag med Knut Tore Nes Hjelle i spissen.  Ramma rundt kunne ikkje vore betre.  Stjerneklar himmel, nesten fullmåne, spegelblank stålis, skikkeleg bål på stranda, pølsegrilling og uhøgtideleg konkurranse med spark eller skeiser.  To straumaggregat sytte for flott flomlys, og mange hadde og hovudlykter til hjelp på dei mørkaste stadane.  Skeiseferdigheitene blant bøndene er vel av høgst blanda kvalitet, men innsatsen var det ingenting å seie på. Det var fleire som gjekk rundt med skjelvande anklar og pinnesitve leggar og kanskje dukka det opp nokre musklar som ikkje har vore i bruk på ei stund.  Triveleg var det i alle høve og praten gjekk livlig rundt bålet til seint på kveld.  Det var ikkje så enkelt å takle lysforholda for fotografen, men her kjem nokre glimt frå kvelden.














søndag 20. januar 2013

Under Tvinnefossen

For å verkeleg få utfalde oss med spektakulære isbilder tok Liv og eg i dag turen til Randabygda og Tvinnefossen.  Vi har vore der før på sommarstid, men aldri om vinteren når den er frosen til is. Og vi vart ikkje skuffa.  Det var ei fantastisk oppleving å gå under fossen bak tonnevis med utrulege isfigurar som glitra i solnedgongen.  Det var vanskeleg å rive seg laus og reise frå alle dei flotte motiva.  Her kjem ein liten smakebit på kva eg opplevde gjennom kameralinsa.










Iskunst 2

Akkurat no jobbar naturen på spreng med å lage verdas finaste glasfigurar av is. I elvar, vatn og på sjøen dukkar det opp dei mest fantastiske skapningar du nokon gong har sett.  Skal du oppleve dette er det berre å få på seg varme klede, broddar, ta med kamera og legge i veg.  Vent ikkje for lenge, alt kan vere over om nokre få dagar.  Er du den heldige innehavar av eit macroobjektiv, bør du finne deg ein plass med mykje rim, legge deg ned på bakken og studere den fantastiske krystallverda som dukkar fram.  Her kjem nokre av bilda eg sjølv tok i dag ettermiddag og i morgon blir det fleire.  Så vil eg berre ynskje deg god fot(o)tur!











mandag 14. januar 2013

Korkafe Fjelli og Folkestad

Sist laurdag og søndag arrangerte Stårheim songlag korkafe på Fjelli og Folkestad.  Det var to særs vellukka arrangement der publikum møtte fram i hopetal og fylte begge konsertlokala.  I tillegg til Stårheim Songlag og Tastamentet var Frostskoddekoret gjestekor på Fjelli og Fjordafolk gjestekor på Folkestad.  Vi må heller ikkje gløyme dei fantastiske strykarane til kulturskulen i Eid som bidrog som orkester for Stårheim songlag og hadde og fleire eigne innslag.  Desse ungdommane held eit fantastisk nivå som det er ei fryd å høyre på.  Det var og som vanleg mykje god kaffimat på begge stader og åresalet gjekk livleg unna.  Både kora og publikum var svært godt nøgde då dei for heim, så det kan godt bli fleire besøk av Stårheim songlag på begge stader.  Her kjem eit lite knippe bilder frå begge stadane.