søndag 31. mars 2013

Påskefuglar

Når ein har fri nokre dagar blir det anledning til litt meir fotografering enn ellers, og eg har brukt litt ekstra tid på å forevige nokre favorittmotiv, nemleg fuglar.  Dei som er drevne fuglefotografar flirer seg vel nesten i hel dersom dei ser desse enkle fuglebilda, men det bryr eg meg faktisk ganske lite om.  Eg kosar meg med hobbyen, og alle har vel starta på nivå 0, og dessutan har eg ikkje tid til å ligge ute halve året på fotojakt.  Motiva  i dag er litt frå det yrande livet rundt fuglebrettet, forar blant mykje anna 7-8 hissige par dompappar, eit par av bilda er og frå livet ved Eidselva.









Paradisbukta

Denne påska har vel dei fleste plassar vore eit paradis av sol, vindstille, fantastiske føreforhold, turar og kos i lag med familie og vener.  På nordsia av Hornindalsvatnet er der ei lita bukt som heiter Paradisbukta og der var vårt paradis i går med soling, bål,  pølser, full aktivetet både i skogen på land og på ski på isen, og drøsen gjekk livleg i timesvis.  Her kjem ein liten stemningsrapport frå nok ein fantastisk dag ved Hornindalsvatnet.










fredag 29. mars 2013

Fotballkamp på Hornindalsvatnet

Dei flotte snøforholda på Hornindalsvatnet måtte sjølvsagt nyttast også i dag, og på turen innover trefte vi på ein frisk gjeng som hadde funne ein gammal fotball i fjøresteinane.  Eit islagt vatn med fint snølag oppå er ein flott arena både for ski og fotballaktivitetar, og på verdas største fotballbane var fotballkampen både med og utan ski i full gong.  Eg er litt usikker på utfallet av kampen, men trur det vart uavgjort.  Her kjem nokre glimt både av kampen og heiagjengen.







Sjelden gjest

Noko av det morsomaste som fins er å studere fuglelivet på foringsbrettet og i skogen rundt huset.  Stort sett er det dei vanlege artane som gomlar i seg ein liter solsikkefrø kvar dag, men i dag dukka det opp ein fugl vi aldri har sett før.  Det vart mykje kaving med å hente kamera og skrue instillingane på plass, og det vart nokre få bilder teke gjennom kjøkkenglaset før den stakk av igjen.  Etter ein del studering i fuglebøkene, fann vi ut at det måtte være ein kjernebitar som er relativt sjelden på våre kantar.  Dersom du er fugleinteressert og ser bilda kan eg gjerne få tilbakemelding om observasjonen er rett.  Ein  gamal gjest som dukka opp i går var bokfinken.  Den har vi ikkje sett tidligare i vinter, så den kom vel med flyttelasset for å begynne reirbygginga.  I går observerte vi og ein fugl som vi fann ut var trekrypar,  det er og ein gjest vi ikkje har hatt besøk av før, kanskje blir det bilde av den og i løpet av påska.  Her kjem bilder av kjernebitaren.




torsdag 28. mars 2013

Påsketreff 2013

Påsketreffet veks seg større og betre år for år, og det er etterkvart blitt ei imponerande samling av profesjonelle utstillarar som har stands i foajeen i operahuset.  Og publikum berre strøymer til i større og støre antal for kvart år.  Det summar av prat og ivrige diskusjonar og den lekre fingermaten er som skapt for ei slik anledning.  Når då Malakoff presenterer det beste festivalprogrammet nokon gong er kvelden fullkomen.  Med denne bildeserien frå påsketreffet vil eg berre gratulere arrangøren med eit særdeles flott gjennomført arrangement, og ynskje god påske!