mandag 24. juni 2013

Meir elskhug og eksis

Eg har etterkvart fotografert ganske mange forestillingar av veldig forskjellig slag dei siste åra, men årets utgåve av elskhug og eksis er vel noko av det flottaste eg har vore bort i.  Kvar enkelt av aktørane på scena er kvar for seg eit fantastisk motiv, og når det er ca. 150 i sving på det meste kan ein stakkars fotograf nesten få kink i nakken og sjøgle auge når det står på som verst.  Etter fyrste sekund på premiera merka eg at energien, spelegleda og kontakta med publikum var på plass.  Og det heile toppa seg under vigsleseremonien med 6-700 på tribuna og alle på scena stod ikring brudeparet, det var så stilt at du kunne høyre den berømte knappenåla falle.  Stemninga var nærmast elektrisk.  Eg vil ikke gje meg ut på å skildre meir av handlinga, det har eg ikkje ordforråd til.  Var du til stades såg du det sjølv, og var du ikkje til stades kan du angre.  Det er eit kjempearbeid å gå gjennom og redigere  bilder etter å ha vore på tre forestillingar, men her kjem fyrste ladning, og så vil eg prøve å legge ut fleire etterkvart som eg har tid. Bilda er blanda frå både generalprøva og begge laurdagsforestillingane og er ikkje i kronologisk rekkefylgje.
































lørdag 22. juni 2013

Gallajubileumsforestilling

Denne veka går vel nesten Eidarane ut av sitt gode skinn når det gjeld kulturopplevingar.  Skuleavslutningar, gallajubileumsforestilling og ikkje minst elskhug og eksis, alt dette i løpet av nokre få dagar.  For ikkje å snakke om all øvinga på førehand for å få alt til å klaffe.  Eg tippar på at det er mange som pustar letta ut når helga er over.  Og då er det "berre" nokre helgar med sommarshopping, eit fjordhest NM og så Malakoff.
I kveld var eg til stades på gallajubileumsforestilling i operahuset, og for ein festveld.  Eg kunne skrive sidevis med kommentarar men har eigentleg mista både munn og mæle når det gjeld innsatsen denne bygda presterar, så eg nøyer meg med  nokre bildeglimt frå festkvelden.

















fredag 21. juni 2013

Elskhug og eksis

I kveld var det generalprøve på elskhug og eksis, og eg seier det med ein gong: har du ikkje skaffa deg billett til denne fantasitske forestillinga, ja så gjer det med ein gong.  To timar tettpakka underhaldning fauk unna som ein røyk, og  det er så mange aktørar i sving og så mykje som skjer at du kan knapt trekkje pusten mellom høgdepunkta.  Strålande levert folkens, og når publikum kjem på tribunane får alle det ekstra løftet og giret for å gjere det heilt perfekt.  Her kjem nokre bittesmå glimt frå forestillinga.