søndag 24. november 2013

Ved elva

I dag har snøen lava ned, og eg har alltid tykt at det er interessant og ta ein tur i marka for å sjå etter dyrespor som kan være vanskeleg å sjå når det er bar mark.  Eg gjekk for det meste med snø til knes utan å oppdage noko spanande, så eg gjekk som vanleg langs elva på vegen heim for å sjå på fuglelivet der.  Nokre ender og ein fossekall var det fyrste eg møtte der fotoresultatet vart heller labert.   Deretter oppdaga eg at årets fyrste svaner var tilbake på plass, og medan dei vart foreviga kom der glidande ei stor havørn over hovudet på meg og eg måtte sjølvsagt "skyte" den og.  Bilda er ikkje noko å hoppe i taket av, men sidan det er fyrste bildet eg har av havørn her i området tek eg det likevel med.  Det skal ikkje meir til enn slike små opplevingar før eg er meir enn fornøgd med turen, og eg angrar ikkje på at cupfinalen gekk sin gong utan meg som publikum.




Ny gjest i matfatet

Det er sikkert mange som har besøk av denne gjesten på foringsbrettet, nemleg gulsporven.  Den er verken sjelden eller spesiell, men sidan det er fyrste gongen vi har besøk av den tykkjer eg den fortenar ein plass på bloggen min, og her er den.



tirsdag 19. november 2013

Ein liten søndagstur

Den einaste dagen i veka eg no har høve til å gå tur i dagslys er søndag.  Som regel blir det ein liten rusletur i marka og nærområdet der eg har gått utallige gonger før.  Kameraet er som regel med på dei fleste av desse turane, og mange gonger er minnebrikka like tom når eg kjem heim som då eg for.  Sist søndag rusla eg ein liten tur og då dukka det opp ein del motiv som eg måtte ha med meg.  Eg  eksperimenterte litt og "leika" meg med litt andre innstillingar enn eg plar gjere, ja til og med kamerablitzen vart brukt (uff), har nesten ikkje prøvt den før.  Her er resultatet frå "ein liten søndagstur".








søndag 17. november 2013

Ras


Fredag kveld gjekk det eit stort jord og steinras i Skredestranda mellom Breisvortunellen og Skrede.  Vi kan sjå raset frå stoveglaset heime og i kikkerten såg vi at raset hadde starta ovanfor skoggrensa og teke med seg ei mengd jord og skog ned en stupbratte fjellsida. Nede på riksveg 15 hadde det auka til rundt 300 meter bredde og gått rett i Hornindalsvatnet.  For nokre år sidan gjekk der eit stort snøras på same staden og tok med seg mykje skog og jord, så no er all skogen borte i heile breidda av raset.  Vi som bur attmed Hornindalsvatnet har alltid vore van med at det gjekk ras i Skredestranda, men heldigvis bur vi på rette sida av rasområdet.  Største spaninga då vi gjekk på skule når det var fare for snøras var om bussen kom seg igjennom.  Eg kan likevel ikkje hugse at det gjekk ras av slike dimensjonar som no.   Der er eit mindre ras eit stykke vestanfor det store, men her er det "berre" ei elv som har renska vekk all jord og stein ned på fjellet, og her er eine køyrebana rydda.  Det er likevel gjort ein god del skade på vegskuldra nedanfor vegen så her og blir det ein del reparasjonarbeid.  Eg hadde ei lita "synfaring på rasområda i ettermiddag, og her er ein liten bilderapport.








 

KORK

I fleire veker og månader har eg gått og gleda meg til denne kvelden, og sikkert mange med meg.  Stunda var endeleg komen då Kringkastingsorkesteret skulle halde konsert i Operahuset.  Og for ein konsert det vart.  Ein og ein halv time med fantastisk vellyd og eit trøkk som grov seg inn i sjela på tilhøyrarane i den fullssette salen.  Når og då fylket stilte på med det beste som er av både garva  og  nye talent av songarar og musikarar var det duka for ein eventyrleg konsert.  Eg vil ikkje gje meg ut på å kommentere alle innslaga eller alle musikarane, men må berre innrømme at då du Sigrid Moldestad stod på scena og song Samuline Seljeset med Norges mesk kjende symfoniorkester i ryggen hadde eg ei av mine livs største musikalske opplevingar.  Du har ei formidlingsevne og ei  innleving i den fantastiske musikken din som er heilt unik og eg trur det var mange med meg som hadde både klump i halsen og tårer i augekroken.
Eg skulle veldig gjerne hatt bilde av heile det fantastiske orkesteret, men det var umogeleg å få til frå min plass på fyrste rad.  Her kjem no likevel ein bildeserie frå det som skjedde heilt framme på scena.
























mandag 11. november 2013

Korkafe i Olden

Seinhausten er ei fint tid for å arrangere korkafe, og i ettermiddag arrangerte Stårheim Songlag korkafe i ungdomshuset Aldaheim i Olden.  Det lokale koret , Olden Singers, var og med på underhaldninga og det vart ein triveleg ettermiddag med mykje fin korsong og musikk av det medbragte orkesteret Tastamentet.  Som vanleg var det og årelotteri, kaffi og mykje gode kaker og drøsen gjekk livleg rundt borda.  Her kjem ein bildeserie av noko av det eg fekk festa på minnebrikka. Stor takk og til min medfotograf Ingegjerd Heggen som fleire gonger har gitt meg ei hjelpande hand med kameraet.