torsdag 27. februar 2014

Legally Blonde

I kveld var det generalprøve på musikalen Legally Blonde i operahuset. Michael Pavelich legg lista høgare og høgare for aktørane på scena, og dei bestod med glans. Med ei vanskelegsgrad på song og musikk som eg knapt har høyrt maken til er det utrulege prestasjonar som elevane på vidaregåande og musikarane i orkestergrava har øvt inn.  Er du i det minste tvil om kva du skal prioritere av undrhaldning i helga så må du ikkje tvile lenger.  Bestill billett med ein gong og ta turen til Operahuset på ei av forestillingane, du kjem ikkje til å angre.  Her kjem nokre små smakebitar frå generalprøva.











søndag 16. februar 2014

Laila B

Laila Beathe Førde frå Bremanger hadde i lag med bandet sitt, Laila B Band,  invitert til plateslepp og gratis konsert i Operahuset i går kveld. I lag med seg hadde dei invitert ei rekke musikarvener og to blandakor frå Bremanger og Svelgen og det vart ein fantastisk konsert.  Utruleg variert med solospel og song som syner at folket i Bremanger ikkje ligg noko tilbake for kulturlivet lenger inn i Fjordane, heller tvert om.  Laila, du må meir enn gjerne ta med deg heile ensembelet inn til Operahuset fleire gonger. Du er hjarteleg velkoma, men neste gong behøver du ikkje være så beskjeden, konserten din var like mykje verdt i inngongspengar som alt anna som blir framført på operascena.  Her kjem nokre bildeglimt frå ein herleg konsert.
























 


tirsdag 4. februar 2014

ISKUNST 3

Til meir is eg fotograferar til meir facinerande tykkjer eg det er.  Det er berre å velge og vrake i skulpturar over alt, og dei forandrar seg heile tida alt etter kva vinkel ein ser dei ifrå.  Det er ikkje berre å hive opp apparatet og knipse i det ein spring forbi, nei, ta deg litt tid, sett deg ned og studer juklane på nært hald og du vil oppdage ei helt ny fantasiverd. Lukke til. Her kjem litt av resultatet mitt etter ein liten tur til Kviafossen sist søndag.