tirsdag 10. juni 2014

Songarstemne i Balestrand


Kalendaren har allereide brukt opp eit par veker sidan vi Stårheim Songlag og Eid Mannskor var på songarstemne i Balestrand.  På grunn av mykje anna fotografering og eit fantastisk sommarveir har eg ikkje hatt tid til å redigere bilda før no.  Det var ein forventningsfull og opplagd gjeng frå Stårheim Songlag som tok turen over Gaularfjellet fredag kveld i eit vær og ein natur som kan slå i svime sjølv den mest hardbarka innfødde fjording.  
Alle kora fekk innkvartering på Kviknes Hotell der og all servering og konsertar gjekk føre seg. Og som vanleg var det rikeleg av impulsive konsertar overalt. I matsalen, resepsjonen, på verandaen, ute rundt hotellet, på hotellromma og i sentrum ljoma det frå glade korsongarar.  På grunn av at vi var samla på ein plass heile tida fekk vi god tid til å prate med og bli kjende med songarar frå andre kantar av distriktet, og det fantastiske hotellet innbaud i seg sjølv til studiar av arkitektur og innredning.  Alle songarar eg var i kontakt med smilte frå øyre til øyre og var kjempetilfredse med arrangementet bortsett frå manglande akustikk i konsertlokalet.  Forholda var imidlertid like for alle. Tusen takk til Balestrand songlag som tok på seg arrangemetet på kort varsel og gjennomførte til toppkarakter.  Vi kjem meir enn gjerne igjen ein anna gong.                                                          Eg føler meg kjempepriviligert som får være ein del av den fantastiske gjengen i Stårheim songlag som med sitt herlege humør og krav til kvalitet er ein draum for einkvar korsongar.  Takk til alle for ein hektisk og morosam vårsesong og ikkje minst til diamanten vår, Olga, der er ikkje ord i ordlista som dekkjer kva du betyr for oss.  Her kjem nokre glimt frå Balestrand.