lørdag 16. august 2014

Øvre Årdal

Sist helg var Liv og eg på familiebesøk til Øvre Årdal.  Vi har sjølvsagt vore der mange gonger før, men det er ikkje så ofte det har bydd seg anledning til å vandre rundt med kamera på eiga hand.  Eg jakta ikkje på noko spesiellt, let berre motiva finne vegen inn gjennom linsa etterkvart som dei dukka opp, og prøve å komponere dei på best mogeleg måte. Etter som turen skreid fram trefte eg på halvtamme ender, badande hundar, gamle bygningar, og ikkje minst ein flokk spreke jenter som bada i Øvstetunhølen.  Landkrabbe som eg er prøvde eg ikkje eingong å stikke stortåa uti.  Turen vart avslutta med ei vandring på Uraveiti, ei vatningsveit som vart bygd på 1800 talet, og som vart brukt til  å leie vatnet frå elva og utover markene.  Noko av det mest interessante eg veit er å studere gamle kulturminne, og ikkje minst dei som er bygde i gråstein. Eg har enorm respekt for dei som bygde vegar, hus og steingardar av stein og ofte berre med hjelp av hendene og muskelkraft. Det er freistande å nemne ei lita historie frå ein av gardane i Årdal.  Det var sagt at mannen i huset var over 70 år før han delte ein 50 kg sekk når han skulle bære den frå vatnet og til gards på 5-600 meters høgde.  I dag kjøper vi sementsekkar på 25 kg fordi dei ellers er for tunge til å løfte inn i bilen.  Her kjem nokre glimt frå vandringa mi i Øvre Årdal.































søndag 3. august 2014

Hornindal rundt 2014


Eg kan ikkje akkurat skryte på meg dei store prestasjonane på resultatlistene i nokon form for konkurransar.  Det begrensar seg til deltaking i nokre få halvmaratonløp, landevegsløp og ein del langrenn i yngre dagar.  Likevel har konkurransar oppteke ein stor del av interessa mi heile livet mitt i form av både friidretts og langrennstrenar gjennom mange år.  Fjellturar har det blitt mange av gjennom heile livet og det er framleis noko av det flottaste eg veit.  Difor appellerar Hornindal rundt på ein måte som treff meg midt i blinken.  Eg er så heldig å  ha fått lov til å traske rundt med kamera for å forevige mine inntrykk av dette fantastiske arrangementet.  Allereide fyrste året eg fylgde med på løpet vart eg enormt imponert over kor profesjonelt opplagt dette løpet er, og det er ikkje blitt noko dårligare etterkvart, heller tvert om.
Eg vil ikkje eingong prøve å setje ord på kor imponert eg er over dei som fullfører dette ekstreme løpet.   Det er ufatteleg mange sprekingar rundt om landet og elles i Europa, men ikkje minst i nærområdet og frå arrangørbygda Hornindal.  Etter løpet har det blitt skrive så mykje detaljar  at det vil eg ikkje gje meg ut på å brodere meir på.   Eg vil gratulere alle vinnarane i løpet, og i mine auge er alle vinnarar uansett fyrste eller siste plass på resultatlista.  Det er ein siger over seg sjølv berre å melde seg på og starte i norges hardaste fjelløp.  Ikkje minst vil eg gratulere heile Hornindal med sigeren, det er eit kjempeløft å få dette i hamn, med løypemerking, teknisk opplegg og funksjonærar som er like imøtekomande og blide døgnet rundt.  Det er rett og slett kjempemoro å få være med og bidra med det eg likar best, formidle stemninga rundt løypa i form av bilder.  I fyrste omgang legg eg ut bilda som vart lagt ut på facebook på nettsidene til arrangøren, men etterkvart vil eg prøve å få legge ut endå fleire, eg har ei heile vøle.  Været og tida er den begrensande faktor, det freistar ikkje å sitje ved PC en i ein slik sommar.