onsdag 1. oktober 2014

Søner av Sola

Tusenvis av timar med øving og terping, dansing, koreografi, såre fingrar etter tusenvis av sting i alle kostyma, slitne armar etter kulissesnikkering, ja lista er endelaus over innsatsen til alle innvolverte i årets opera.  No er slitet og øvingane over, operafesten er i gong.  Det er heilt ubegripeleg at det går an å lage eit så til dei grader profesjonellt opplegg og gjennomføring av noko så omfattande som operaoppsettinga er.  Profesjonelle operasolistar,tenåringar frå Eid og bygdene rundt, "gamle slitarar" som har vore med i årevis går nærmast hand i hand og dreg lasset saman med eit korps av andre frivillige som ein berre må bøye seg nasegrus for.  Eg håpar at folk i bygdene rundt om kring  forstår kva enorm innsats som ligg bak og veit å setje pris på det med å kjøpe billett til ei av forestillingane.  Sett deg ned i ein av dei gode stolane i operasalen, gløym verda rundt deg for eit par tre timar og nyt det du ser og høyrer på scena og i orkestergrava, eg trur du må reise alvorleg langt for å finne noko liknande.  Som vanleg har eg etter beste evne  prøvt å fange opp noko av stemninga med kameralinsa, og fylgjande fotoserie er frå søndag, siste prøve før generalprøva.