fredag 26. desember 2014

Frost

Etter nokre veker med surt vær med sludd og slaps, snudde det i går på julafta og slo til med det mest fantastiske vintervær ein kan tenkje seg.  Og akkurat no går naturens eigne smykkedesignarar nermast av skaftet med kreativitet.  Små bekkar og elvar vert omdanna til dei mest utrulege kunstverk av isformasjonar og figurar.  Eg reiknar med at du som eg har litt ekstra tid no i romjula og ikkje minst godt av å forlate snopskåla og godstolen og gå ut ein tur.  Ta på godt med klede og gode sko (helst broddar) og gjev deg i veg, stopp opp litt og studer naturen i kring deg.  Du treng ikkje gå langt, bratt eller fort, men ha augene opne og studer iskrystallane på nært hald.  Til nærare du går, til vakrare blir dei.  Er du så heldig at du har eit kamera av eit eller anna slag bør du prøve å forevige noko av det du ser, og tipset er: du bør sjå motivet inn i augo, anten det er is, ungar eller dyr du fotograferar.    Det ser kanskje litt rart ut om nokon kjem over deg der du ligg og rullar i veggrøfta på motivjakt, men det er ikkje noko å bry seg om. 
I dag var eg på ein liten fotosafari i eit område eg ikkje har vore før, og det resulterte i fylgjande serie: