mandag 27. april 2015

Beethovens 9

I nesten fullsett sal og til fortent brakapplaus i operahuset i går kveld vart det nok ein suksesskonsert under leiing av Michael Pavelich. Med topptrimma fantastiske solistar, framifrå orkester og eit utruleg flott kor med eit trøkk som nesten fekk veggane til å revne vart det ein uforgløymeleg kveld.  Her kjem  nokre glimt av det eg fekk med meg av det som vart servert frå scena.


























fredag 24. april 2015

Hjørundfjorden

Er du av den typen som set deg i bilen og hastar avstad for å kome fortast mogeleg frå A til B går du glipp av mange naturperler rundt om i distriktet.  Ei av desse perlene er Hjørundfjorden på Sunnmøre. Vi har mange gonger teke turen til desse små grendene som klorar seg fast i dalar og på nes blant stupbratte fjell som reiser seg nesten loddrett opp frå fjorden til 14-1500 meters høgde.  Seinast sist søndag var vi ein fin tur til Viddal og gjekk anleggsvegen opp til det nye kraftverket oppe i dalen.  Vi la spesiellt merke til at arkitekturen på det nye betongbygget stod i stil med fjelltoppane ikring.  I fjor sommar var vi og til Bjørke og det fantastiske Bakketunet, som er det eldste og best bevarte tunet på Sunnmøre og er heilt frå 1549.  Her er det utstillingar og aktivitet heile sommaren.   Ein av grunnane til at vi la turen dit var at "vår eigen" fantastiske kunstnar Kathrine Berg hadde utstilling der i dei flotte lokala til  primus motor bak Bakketunet, Marita Bett Aakre.  Både Bakketunet og heile området rundt er absolutt verdt eit besøk, og det blir garantert ikkje siste gongen vi tek turen opp dit.  Bilda er frå begge turane.


















søndag 19. april 2015

X2 2015

For fjerde året på rad tok eg turen til Volda for å få med meg Longboardkonkurransen under ekstremsportveka der.  Eg har ikkje eingong gjort forsøk på å få oversikt over alle arrangementa som går av stabelen rundt om i distriktet, men det er i alle fall hektisk aktivitet både på bakken og lufta.  Det var noko ferre deltakarar blant dei som kjem susande i svimlande fart ned gjennom byggefeltet på ei fjøl med hjul på, men det var likevel ei god "treningsøkt" med kameraet.  Det er alltid ei utfordring og fange motiv som er i rørsle, og til større fart til verre er det.  Her kjem noko av dagens fangst, og fleire blir det etterkvart som eg har fått redigert dei.