søndag 12. april 2015

Basar i Nesjarhall

Det er 12 år sidan sist det var basar i Nesjarhall på Nes, og i ettermiddag braka det laust med fullt hus og sydande basarstemning i det gamle ungdomshuset.  Det var samla inn ei mengde med flotte gevinstar både til lotteri på bok og til årar og salget gjekk strålande unna.  Mykje god og variert mat og kaffi vart servert og praten gjekk livleg rundt borda i den fullstappa salen.  Dei yngste heldt seg i aktivitet med rebusløp og stablekonkurranse der det var kø heile ettermiddagen.  Alt i alt ein kjempevellukka ettermiddag og mange for heim med fanget fullt av gevinstar.  Vi vil takke alle som bidrog med lotterigevinstar, og ikkje minst alle forretningane på Eid som er utruleg flinke til å støtte opp om lokale arrangement.  Her kjem nokre små glimt frå basarlivet på Nes.















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar