mandag 29. juni 2015

Elskhug og eksis 2015

Då er eit av årets absolutte høgdepunkt for meg over for denne gongen, nemleg elskhug og eksis.  Å sitje ringside med kamera og berre forsyne seg av fantastiske motiv i to timar er som å sende ein unge inn på ein godteributikk.   Utfordringane blir større og større for kvar gong fordi det er fleire og fleire på scena,  og mange ting skjer samtidig.   Det blir vist fantastiske prestasjonar av skodespelarane, og ikkje minst ungdommen tek meir og meir over både framom og bak kulissane.  Satsinga på kultur held verkeleg på og bere frukter.  Det har  for meg vore ei hektisk veke.  Stårheim songlag har vore i Bratislava heile veka, og kom heim natt til laurdag, og då var det berre å få nokre få timar søvn for så å gjere klar for Elskhug og eksis som eg fekk med meg både laurdag og søndag.  Her kjem nokre smakebitar frå søndagsforestillinga, og fleire bilder vil bli lagt ut etterkvart eg har tid til å redigere.  Bilda vil ikkje kome i kronologisk rekkefylgje. 








































søndag 7. juni 2015

Kulturskuleavslutning 2015

Fredag kveld var det sommaravslutning i kulturskulen i operahuset.  Ein nesten fullstappa operasal fekk oppleve ei strålande forestilling som varde i ca. tre og ein halv time med pause.  Høgdepunkta kom som perler på ei snor med eit fantastisk nivå som publikum sette stor pris på med jubelrop og rungande trampeklapp.  Eg vil ikkje framheve nokon spesiellt, til det er nivået altfor jevnt og høgt, men under det siste dansenummeret,Chandelier, miste både eg og kameraet nesten pusten.  Eg trur aldri eg har sett maken til ansiktsuttrykk og innleving på ei scene, det var beint fram strålande jenter og gutar, håpar vi får sjå meir av same sorten ved ei seinare anledning.  Det er ikkje alltid enkelt å fotografere i det varierande lyset, så difor har eg "leika" meg ein del i fotoshop for å skape det uttrykket eg vil ha.  Her kjem eit lite utval av bilda mine frå kvelden.