onsdag 28. oktober 2015

Maskeballet

Det har vore lite blogging i det siste og det har  si årsak i lang fin haust med forlenging av sesongen for utearbeid.  Det er omlag ein månad sidan Maskeballet gjekk for fullt i operahuset, og det verkar litt i seinaste laget med å legge ut bilder derifrå.  Eg har lagt ut ein del på facebook, men ikkje alle er på sosiale medier og har anledning å sjå bilda mine der.  Dessutan har eg mykje meir på lager enn facebookbilda, og vel å bruke bloggen til å presentere dei på.  Håpar at der er nokon som tek seg tid til å sjå igjennom bildeserien  min slik at ikkje alt arbeidet er forgjeves.  
Eg må innrømme at eg var temmeleg frustrert då eg kom ut i pausen på fyrste prøva med kostyme og maske.  Det er noko av det dunklaste og vanskelegaste lyset eg har fotografert i.  Heldigvis så tek ikkje lyskunstnarane omsyn til fotografane.  Vi må pent lære oss å takle det lyset vi får servert, og etter å ha site nokre timar med redigering vart eg meir og meir begeistra for den fantastiske stemninga eit profesjonellt scenelys kan gje.  Eg innrømmer og gjerne at eg er utruleg imponert over skodespelarprestasjonane på scena, og ikkje minst av dei lokale "heltane", de har all grunn til å være nøgde med dåkke sjølve.  Eg er frykteleg glad i nærbilder og portrett, og eg får nesten gåsehud når eg ser alle dei fantastiske ansiktsuttrykka.  Tusen takk til alle involverte for magiske operadagar.
Her kjem det eg har plukka ut av mine opplevingar sett gjennom kameralinsa, dessverre ikkje i kronnologisk rekkefylgje.