søndag 13. november 2016

Kulturnatt 2016

Det har vore ei hektisk og mangfaldig helg på kulturfronten i Eid, og eg har ikkje fått med meg ein brøkdel eingong.  Fredag var eg i alle fall i operahuset for å få med meg kulturnatta med kulturskulen, og det var ei samanhengande stor oppleving.  Variert program og høgt nivå viser at det blir jobba systematisk både blant lærarar og elevar. Ein nesten fullsatt sal sette og stor pris på det dei såg og høyrde, og ikkje minst under dei to siste nummera der dei nye rikskjendisane våre var framme på podiet.  Det er berre å bøye seg i hatten for det dei har prestert.  Litt seinare på kvelden fekk eg og med meg konserten med Indigo Child i Gamlebanken som var sprengt til bristepunktet av publikum.  Ei storarta oppleving av dei utruleg dyktige musikarane som trollbind sine tilhøyrarar med ein musikk som smyg seg inn i sjela og blir værande der.  Rett og slett magisk.  Eg har etter beste evne prøvt å få med meg noko av det som skjedde i bildeserien som fylgjer.













































onsdag 2. november 2016

Bytur

For tre veker sidan var Liv og eg i  Bergen for å få med oss Spellemann på taket på Den Nasjonale Scene.  Systera til Liv er bestemor til ei jente som er med og spelar i stykket, og då måtte vi sjølvsagt nytte høvet til å få ei langhelg i Bergen.  Det var "heldigvis" fotoforbod på forestillinga så bilder frå scena har eg ikkje, men aktørane og musikken var strålande og ein lokal musikar, Britt Lindvik, spelte trompet i orkesteret.  
Kamera og eg hadde ein diskusjon før avreise om det skulle få være med på turen, og kameraet vann.  Det angra eg så absolutt ikkje på.  Liv og systra gjekk for seg sjølv, og det same gjorde eg og kamera.  Heile laurdagen gjekk vi og traska rundt i gatene og let motiva dukke opp i ro og mak.  Bergen by i finevær er berre heilt utruleg, og spesiellt Bryggen med dei gamle husa og smaua er heilt fantastiske.  Eg kunne skrive fleire sider om spaserturen i Bergen by, men eg trur eg let bilda tale for seg sjølv.