onsdag 27. januar 2016

Kongeleg Variete

I helga var det russerevy med Kongeleg variete i operahuset med mellom 7 og 800 betalande på forestillingane fredag og laurdag.  Latteren sat laust og klappsalvane runga fleire gonger under forestillinga som enda i velfortent ståande applaus og blomster frå ordføraren.  Sjølv fekk eg med meg både generalprøva torsdag og forestillinga på fredag, og fekk dermed boltre meg med kamera i fantastiske krumspring og herlege asiktsuttrykk frå scena begge dagane.  Det er umogeleg og klare og  få med alle på bilda, og hovudpersonane får vel mest merksemd, men eg har prøvt etter beste evne å få med meg mest mogeleg.  Her kjem  i alle høve ein bildeserie frå den Kongelege varieteen i helga, og fleire bilder blir lagt ut når eg har dei klare.  Dessverre er dei ikkje i kronologisk rekkefylgje, det er fordi eg har blanda bilda frå begge forestillingane.