lørdag 20. februar 2016

Det du ikkje ser frå fly

Sist helg var eg ein tur til Stavanger, og fordi eg ikkje er overbegeistra for fly vart det reise med buss og båt.  Eg har aldri reist mellom Bergen og Stavanger før, så det vart ei spanande reise i heilt ukjent område.  Kameraet var med på turen, og eg ville utfordre meg  sjølv med å ta bilder undervegs gjennom bussvinduet i fart.  Det viste seg å ikkje være heilt enkelt fordi enkelte motiv hadde eg kanskje berre eit par sekund å reagere på, men ikkje desto mindre spanande.  Det vart og ein del bilder frå båtturen frå Bergen til Måløy og då stod eg ute på dekk over ein halvtime. Ikkje spesiellt varmt men utruleg flott sjølv om passasjerane som sat inne i salongen sikkert trudde at eg var spikande galen der eg for og sprang over dekket for å fotografere på begge sider av båten. Dei trudde vel at eg aldri hadde vore på Vestlandet før.  Det forma seg eit dikt om turen oppi haudet på meg undervegs, og for fyrste gong legg eg ut dikt på bloggen min.  Så her kjem diktet og bilda frå turen.



Det du ikkje ser frå fly

Eg reiser avstad gjennom grender på stader eg aldri har reist før,
eg ser dalar, landskap og strender på mi ferd på veg mot sør.
Eg ser skog og kvitrima bøar og snølagde fjell i aust,
eg ser tun med hus og løer der murane står so traust.

Eg ser hytter på holmar i leia med kollar og svaberg ikring,
eg ser stein og lyng på heia som veks av mest ingenting.
Eg ser kyrkjer som står langs vegen og strekkjer seg mot kvelvingen blå
eg ser naust av gråstein so segen som ingenting biter på.

Eg ser bølgande stålkonstruksjonar og rosa butikkar med sjel,
eg ser skyer med fargetonar som endrar seg i leikande spel.
Eg ser bruer som bind bygdene saman der hendene før måtte ro,
eg ser hus bygd til kvardags og gaman der folket helst vil bo.

Eg ser gamle fabrikkar i fjøra som minner om svunnen tid,
eg ser verken glas eller døra som eingong var ny og flid.
Eg ser treeet over den gamle muren som aldri dett ned og svinn bort,
med dette vil eg takke for turen, for meg går flyet altfor fort.


































søndag 7. februar 2016

Opera i kyrkja

Eg vil ikkje skrive noko referat frå forstillinga frå sist torsdag i kyrkja, eg er berre så inderleg glad for at eg fekk oppleve og fotografere dette.  Det er noko av det mest krevjande og spektakulære eg har vore bort i og eg fekk gåsehud fleire gonger både av det dom kom inn gjennom øyrene og det som kom inn gjennom augo.  Eg vil berre rette ein hjarteleg takk til kvar eiskild for ein fantastisk innsats og håpar at det går bra på heimturen etter siste forestilling i Ålesund i kveld.  Bilda mine vil aldri kunne erstatte det å sjå forestillinga live, men kan vel gje eit visst inntrykk av det som gjekk føre seg.


















































































lite inntrykk av det som gjekk føre seg.