mandag 28. mars 2016

Påskevind

Påskeværet har vel ikkje vore av det mest strålande i år, med både vind og regn.  Det har likevel vore nokre glytt innimellom, og i går var eg ein runde for å fotografere vinden på Hornindalsvatnet.  Det er alltid fasinerande å sjå korleis vinden slær ned frå fjellet, tek tak i båretoppane og set vatnet i eit einaste rok. Her kjem nokre av vindbyene eg fekk med meg.  Det er mange som er lei av vinter og snø og vil ha vår no.  Vi er likevel veldig tidleg ute, og eg puttar på nokre bilder med dato på som viser stoda for tre år sidan då isen var 50 cm tjukk og vi gjekk på ski på isen til langt ut i april.  Siste isflaka forlot vatnet 5. mai.
Ha ein fin vår.










mandag 21. mars 2016

Høgskulen i Volda

Sist torsdag fekk Operahuset besøk frå Høgskulen i Volda med både klassisk orkester og fleire kombinasjonar av Rockegrupper.  Eg hadde fylgt med på førehandsalet av billettar, og dagen før var det ikkje seld ein einaste billett.  Nysgjerrig og interessert som eg er tok eg likevel turen til Operahuset, og vart på ingen måte skuffa over det som var framført frå scena.  Vi var 4 betalande frammøtte pluss ein del som hadde gratisbilett og stemninga blant det fåtallige publikum var upåklageleg.  Eit lite tips til arrangøren: litt betre marknadsføring hadde nok hjelpt.   Eg fekk meg også ei fin "treningsøkt" med kamera, og her er resultatet av min kveld på Sunnmørsk rockeklassisk konsert.




























onsdag 16. mars 2016

Sweeney Todd






Det er allereide gått nesten to veker sidan skulemusikalen Sweeney Todd vart framført i Operahuset.  Eg vil gratulere og rette ei grenselaus takk for ei eventyrleg gjennomført forestilling og er imponert inn i botnen av kultursjela mi for det som vart prestert.  For ein hobbyfotograf som meg er det eit privilegium å kunne forsyne seg av eit slikt oppkome av motiv.  Eg fekk med meg både generalprøva og premiera, og har hatt eit krevjande og enormt morsomt arbeid og velje ut dei bilda eg syntest var bra nok.   Bilda er ikkje sortert i kronologisk rekkefylgje og er frå begge forestillingane.  Nok ein gong tusen takk til alle på, bak, over, under, ved sida av scena, eg har ikkje ord.  Og til dykk som valgte å ikkje gå på musikal, de får aldri sjå noko liknande.  Her er bildeserien min slik eg opplevde Sweeney Todd.