søndag 17. april 2016

X2 Paddeklatring

På heimveg frå Volda og X2 festivalen tok eg ein pause ved padda i Austefjorden for å sjå om der var nokre fotogene padder i nærleiken.  Padder såg eg lite til, men der var ein frisk gjeng som hadde vore på Xbase på Hellesylt.  Det var ikkje mykje høgdeskrekk å spore i denne gjengen som hadde moro av å klive på padda.  Dei er vande med heilt andre høgder når dei kastar seg utfor 1000 m loddrette fjellveggar som på Helsetkopen.  For meg som blir svimmel berre eg går opp på ein kjøkenkrakk virkar det heilt crazy å gjere noko slikt.
Det var i alle fall ein herleg gjeng som poserte villig vekk i lag med padda.  Kanskje blir 
X2 paddeklatring ei ny grein på neste års festival.  Her kjem nokre bilder gjengen.









X2 2016

Den årlege X2 festivalen går av stabelen i og rundt Volda denne helga, og tradisjonen tru måtte eg ta ein tur for å "trene" litt med kamera på bevegelige motiv.  Det var Longboardkonkurransen eg konsentrerte meg om, men stakk og innom X skate på heimturen.  Dessverre hadde dei avlutta for dagen, men eg fekk knipsa nokre treningsaktivitetar.  Her er resultatet av Voldaturen i dag.



















lørdag 16. april 2016

Åsane

Sist søndag kveld gjekk eg ein av yndlingsturane mine, frå Lotsberg og til Åsane.  Nydeleg vær, solnedgong i fjella, flott utsikt og turr og fin sti.  Det blir neppe noko særleg betre.  Eg har gått der fleire gonger før, og er like fasinert kvar gong over det arbeidet som er lagt ned i vegen som går inngjennom bratte fjellsida.  Har du aldri gått der før kan eg anbefale turen på det varmaste.  Som vanleg var kameraet med på turen, og her kjem nokre glimt av det som kom inn gjennom kameralinsa.













søndag 3. april 2016

På jakt etter nordlys

Eg har ein app på mobiltelefonen som varslar meg når det er nordlys.  I går kveld var det fullt utslag  på nordlysvarselet, og sidan det var helg og fineveir, køyrde eg ein runde rundt om i nærområdet for å jakte på nordlyset.  Det var ikkje dei aller beste forholda, men etter å ha køyrt rundt omkring eit par timar i nattens mummel og mørke returnerte eg heim med i alle fall nokon brukbare bilder. Her er resultatet.