tirsdag 28. juni 2016

På sverdeggja

Det er alt gått fire veker sidan Stadlandet ungdomslag synte fram Dragseidspelet  "På Sverdeggja".  Det er sol og sommar og kveldane har blitt brukte til anna enn å sitje inne ved datamaskina og redigere bilder.  Eg kan likevel ikkje la være å bruke nokre seine kveldar og nattetimar på å gå igjennom og plukke ut dei beste bilda frå denne fantasiske forestillinga på Dragseidet.  Strålande innsats frå fyrst til sist, og med flotte kostymar og ei fantastisk naturleg ramme i strålande sommarveir er motiva som ei gullgruve for ein amatørfotograf som meg.  Når vi fotoentusiastane og fekk anledning til å gå rundt og forsyne oss av motiv og smaksprøver av godsakene som vart serverte ein time før spelet starta, var dagen heilt fullkomen.  Her kjem ein fotoserie av det eg fekk med meg frå Dragseidspelet "På Sverdeggja"