fredag 19. august 2016

Bu og Værlandsferie

Det vart kortreist ferie i år.  Det er så mykje snakk om at alt skal være kortreist for tida, og difor bestemte Liv og eg oss for å feriere i Sogn og Fjordane.  Det er forresten slett ikkje uvanleg, dei fleste feriane blir lagde til heimefylket der vi leitar etter naturperler, og dei er det mange av.  Ferda gjekk til Bulandet og Værlandet ytst ute i Sunnfjord der vi overnatta på det flunkande nye havhotellet med direkte utsikt mot havstripa i vest.  Opphaldet kan anbefalast på det varmaste.  Flotte rom, og den tidligare nemde utsikta må berre opplevast, frokost levert på døra kl 9 (einaste hotellet eg har budd på der det er standard), ja eg har budd på hotell utom fylket og.  
Å køyre rundt på øyane er ei oppleving i seg sjølv, forresten, der ute brukar dei fleste sykkel. Vi såg fleire flokkar av turistar som trødde rundt på vegane der høgaste punkta var bruene over dei mange sunda mellom øyane, så øyriket er som skapt for sykkelturar.  I tillegg er der kilometervis med godt merka stiar over alt, og du slepp ha stålkondisjon for å vandre rundt i landskapet.  
Det vi i tillegg la spesiellt merke til var alle blomsterdekorasjonar over alt på øyane. Syklar og stampar, gamle og nye trillebårer fulle av blomster og når stengene på skiltet til Bulandet var kledde med fargerike strikkasokkar er det berre å gje seg ende over.  
Kjempegod kortreist mat på kafeane, fiskesupa, hjortefilet og villsausteik der råvarene blir henta rett utanfor stovedøra og porsjonar som fyller magen til trengsel.  Kan ein ha det betre?   Der er lite biltrafikk, og skulle du være så heldig at du møter ein bil der det ikkje er passering stoppar du og ventar og får eit blidt smilefjes og ei hand i veret til helsing tilbake.
På øyriket er det berre blindvegar, og det medfører at skal du sjå deg rundt må du nærmast snu på kjøkentrappa til øybuarane utan at det ser ut til å bekymre dei det minste.  Du får berre eit blidt smil og ei hand i været til helsing når du køyrer ut av tunet igjen.
Vi fekk og oppleve eit par friskusar som trena til Værlansdmesterskapet i synkronstup med overlevingsdrakt.  Imponerande, OL neste.  Vi har og ei eiga øving under Malkoff Rockfestival, dåkke er hjarteleg velkomne til å delta der neste år. Rekorden er 13 personar i lufta på ein gong.

For oss som har fotodilla er det rikeleg av motiv overalt.  Eg har berre eit ynskje til øyfolket der ute: La dei gamle nausta, båtane og uteløene stå som dei er.  Dei krummar nakken mot vind og vær og fortel si eiga historie om ei tid som var og der ein nærmast kjenner på kroppen og ser føre seg dei som jobba og sleit under forhold vi berre kan drøyme om.  Dei har og motiv for ein fotograf som aldri kan gjenskapast.  Eg jobbar sjølv i eit snart 200 år gamalt hus med ei mangfoldig historie, og går kvar dag og kjenner på historia i veggane.  Det finn du aldri i eit nybygg.
Her kjem ein liten bildereportasje frå ferieturen som etter opphaldet på øyane gjekk litt lenger inn i fjorden til Flekke og storarta familiebesøk på hytte der.   
Etter fem dagar var vi heime igjen forbruket av diesel var ca. ein halv tank.