søndag 10. desember 2017

Mgp Junior

Populariteten til MGP junior tek ingen ende.  I kveld var det duka for to forestillingar i operahuset der begge var utselde og 200 stod på venteliste.  Og vi vart ikkje skuffa.  Eg bøyer meg i hatten for ei fantastisk forestilling av ungdomar med grenselaus sjølvtillit og med ein sceneopptreden ein berre må beundre.  Eg vil ikkje prøve  å utbrodere noko meir av det som hende, men legg berre ut ein bildeserie av noko av det eg fekk med meg.






































tirsdag 31. oktober 2017

I mor sine fotspor 2, Rutefloten

I dag skal eg ta dåkke med på ein tur som eg tvilar på om nokon av blogglesarane mine har gått nokon gong.  Det er mellom 40 og 50 år sidan eg høyrde om denne staden for fyrste gong.  Den ligg nesten så langt inne i Nordfjord som det er mogeleg å kome og blant dei villaste og farlegaste fjella vi har.  Rutefloten er ei sæter  som ligg omlag 6 km inne i dalen bak Nesdal ved Ramnefjellet i Lodalen.  Der var mor mi budeie i 1933 og eg har i alle år sidan eg høyrde om den plassen hatt lyst til å sjå kvar mor mi dagleg gjekk tur retur på sætra og var med i slåtten om dagen.
Barnebarnet til dei som mor mi tente med den gongen, Kari Nesdal, har eg mange gonger prata med om å bli med på den turen, og i sommar klaffa det.  Ho har slektningar som bur mykje på Nesdal om sommaren og som kunne skysse oss over vatnet.
Vi fekk og fylgje med Laila Nord og Anne Marie Skårbø og ein dag i midten av juli barst det avgarde.   Søskenbarnet til Kari, Tor Nesdal henta oss med båt ved Kjenndalsresturangen.  Tor vart igjen på Nesdal, men eit anna søskenbarn av Kari, Bjørg Else Nesdal Målsnes, vart med for å vise oss vegen fordi ho hadde gått der fleire gonger før.
Været var ikkje det aller beste, skodda hang langt ned i fjella og regnbygene kom og gjekk. Det vart likevel ein heilt spesiell dag for meg å gå i nær sagt fotspora  etter mor mi som var 19 år og budeie der for over 80  år sidan.  Det var og veldig kjekt å få sjå dei fine små og godt vedlikehaldne sela med nye tak, men ellers akkurat som dei var då mor mi var budeie der.
Det var og veldig kjekt å få helse på onkelen og tanta til Kari, Sverre og Berit Nesdal, då vi kom fram til Nesdalgardane igjen.  Det vart ein lang og god prat og Sverre kunne fortelje at han kjende mor mi som hadde vore på besøk på Nesdal på 70-80 talet.
Fotoværet og forholda var ikkje det beste på turen, men her kjem ei for meg nostalgisk fotoreise om ein tur eg har drøymt om veldig lenge.
Tusen hjarteleg takk til medvandrarane mine for ein kjempefin dag i indre Nordfjord og til  Tor og Einar for tur og retur båtskyss.