torsdag 23. august 2018

NM friidrett 2018

Sist helg gjekk NM i friidrett av stabelen på Byrkjelo stadion.  Sidan eg har mange år bak meg som trenar i friidrett og mange hundre timar på stemner og samlingar der var det ikkje vanskeleg å ta turen til Breim.  Det vart ein innhaldsrik dag med mykje prat med gamle kjende,  skiftande vær med sol, vind og regn og mykje flott friidrett og sjå på.  
Kameraet var sjølvsagt med på turen.  Det er moro og  få med seg ein del høgdepunkt, men nesten like artig er det og trene med kamera for å treffe utøvarane i diverse situasjonar uavhengig av resultatlista.  Resultat og omtale av stemnet hoppar eg over, det har media forlengst presentert.  Må berre få legge til at Breimningane med hjelp av heile Gloppen sluttar aldri å imponere med friidrettsarrangement, ditta kan de.  Her kjem ein bildeserie av noko av det eg fekk med meg.









































lørdag 18. august 2018

Kulturdag på Nordsida

Været denne sommaren har ikkje vore egna til å sitje inne framfor PC en og redigere bilder.  Eg har ikkje mangel på bilder, men det har freista meir og vore ute med fotoapparatet og andre gjeremål som det som vanleg er rikeleg av på sommarstid.
Sist søndag tok vi ein tur inn til Sagedammen på Ulvedal på Nordsida og fekk med oss ein storarta konsert under kulturdagane der.  Eg må berre innrømme det, men eg tykkjer amfiet, scena og kulissane rundt Sagedammen er noko av det mest idylliske eg veit om.
Når i tillegg underhaldninga var så variert og av ein slik kvalitet  var det berre ei fryd å sitje på tilhøyrarbenken.  For ein fotograf var motiva og i særklasse, og når rømegrauten og spekematen var av beste kvalitet kunne ikkje ettermiddagen vore nytta betre.
Eg vil ikkje gje meg ut på å kommentere nokon av enkeltinnslaga, men let bilda tale sitt eige språk.