søndag 4. november 2018

Cornelius

Årets sommarferie er for lengst gått inn i historiebøkene, men eg tek likevel sjansen på eit lite blogginlegg om ein skjærgardstur i juli.  Liv og eg la som vanleg sommarferien til favorittfylket Sogn og fjordane pluss ein liten avstikkar til Bergen.  Via nære slektningar hadde vi høyrt rykter om ein fantastisk resturant på ein holme sør for Bergen, og ei slik oppleving kunne vi ikkje la gå ifrå oss.  For min eigen del må eg berre innrømme at eg ikkje er så velbevandra ut i resturantlivet og dets kulinariske krinkelkrokar,  men eg er veldig glad i god mat og likar å utfordre nye smakar.  Eg trivst eigentleg godt mellom grytene på kjøkkenet og likar å eksperimentere  med diverse tilgjengeleg råstoff og eigne idear.  Staden vi skulle besøke heiter Cornelius, og ligg på Holmen i Bjørøyhamn.
Eg vil på ingen måte skryte på meg å være verken matskribent eller resturantanmeldar, vil berre dele ei ferieoppleving av ei av dei beste matopplevingane eg har hatt.
Maken til atmosfære, beliggenheit, oppvartning, hyggjelege servitørar og nydeleg mat har eg knapt opplevd.  Måltidet som bestod av ein fantastisk 5 retters meny av røykelaks, kvit fisk, kamskjell, kvalbiff og fruktmousse tok ca. 4 timar.  Det var god anledning til å gå i frå bordet under måltidet for å sjå seg rundt (og fotografere) og servitørane hadde god tid til å slå av ein prat, og ville vi vite detaljar om maten var der ingen hemmeligheitar.  Kamskjela vart tekne opp av kummane utforbi døra 10 minutt før servering, og dei var henta opp frå sjøen av sjefen sjølv som hadde daglege turar på havbotnen for å fylle på spisskammerset.  Resturanten har og eige røykeri der dei røyker om lag eit tonn laks kvart år.
Vi var og heldige og fekk ein prat med "cowboyen" sjølv som ivrig la ut om resturanten, og toppen på kransekaka var då vi vart invitert inn i det aller heilagste, vinkjellaren.  Eg må med ein gong innrømme at er det noko eg ikkje har greie på her i verda så er det vin.  Ikkje mindre var det imponerande å sjå vinkjellaren som var skoten ut av fjellet og som romma rundt 7000 vinflasker.
Stappmette i magen og fulle av inntrykk frå ei fantastisk resturantoppleving steig vi ombord i båten til Bergen og tok farvel  med dei eineståande servitørane som vinka til oss frå kaia.
Dersom du er i Bergen og har litt god tid bør du absolutt få med deg denne opplevinga.  Der går dagleg båt frå Bergen sentrum og turen tek i underkant av ein halv time.