torsdag 28. november 2019

Tromsøbilder

Sommarferien er for lengst blitt historie og bilda frå den er på ingen måte ferskvare.  Eg tek likevel sjansen på å legge ut nokre bildeseriar i tida framover for mange av bilda er tidlause og har ikkje nyheits interesse.  Ferieturen til Liv og meg gjekk nordover, og vi hadde 10 fantastiske dagar i Troms og Finnmark med strålande veir og mange flotte og varierte opplevingar.  Fyrste stopp var to dagar i Tromsø, ein by eg berre så vidt har vore innom før, for 40-50 år sidan.  Tromsø er ein kjempeflott by å vandre i med mange spanande fotomotiv, og kameraet var flittig i bruk heile tida.  Noko av det eg likte aller best var Polarmuseet, som i seg sjølv var verdt Tromsøopphaldet åleine.  Der kunne eg gått og studert detaljar og informasjon i dagevis.  Absolutt å anbefale.
Her kjem fyrste bildeserien frå Nordnorge med Tromsøbilder.