søndag 9. juni 2019

I ei veigrøft langs Hornindalsvatnet

Det har blitt ein del småturar til fots med kamera i det siste, og eg har funne ut at ein går glipp av mange fine detaljar når ein køyre bil.  I dag vart det ein rusletur på ein veg langs Hornindalsvatnet og eg er imponert over kor mange forskjellige planteartar og fine blomstrar ein oppdagar i ei vegskråning.  Ikkje minst er det fantastisk å sjå korleis plantane klamrar seg fast på slette turre fjellet og lever i beste velgåande.  Ja til og med på toppen av ein støypekant finn plantar og busker fotfeste.  Her kjem dagens "fangst".












Vindfylla

Vegstandarden på hovudvegane er etterkvart begynt å bli rimeleg bra på dei fleste strekningar.  Vi sit i bilen og susar avstad i 80 km/t på asfalterte tofelts vegar med lange opplyste tunellar og er nøgde med at det går unna.  Dei ferraste tenkjer på at på utsida av desse tunellane går dei gamle smale og kronglete vegstrekningane som gamlekarane ofra liv og helse for å bygge for mange tiår sidan.  For min eigen del synest eg det er utruleg interessant og rusle på desse gamle vegane og studere det fantastiske arbeidet som var lagt ned.  Enorme gråsteinsmurar som var hogge inn i fjellet og mura i eit terreng der knapt nok geiter fann fotfeste.  Det må ha vore eit ufatteleg slit med dårlege ryggar og utsletne hender.  Sjølv om vi no inne i fjellet susar forbi desse fantastiske monumenta som etter kvart gror igjen og blir meir og meir usynlege vil dei likevel bli ståande til evig tid og minne oss om kva fantasisk arbeid desse vegarbeidarane la ned.
For eit par dagar sidan ville Liv og eg utforske ei av desse  strekningane på utsida av Vindfylletunnellen vest for Kjølsdalen.  Vi har aldri gått strekninga før, men køyrde der for over 25 år sidan før den nye tunellen var laga.  Det vart ein interessant tur, og eg kunne godt tenkt meg å fotografere nokre av desse murane frå nedsida, men fann fort ut at det var litt for stor risikosport.  På denne tida av året er det mykje fine motiv i alt som veks og gror langs ein slik veg, så det mangla ikkje på motiv.  Her kjem ein liten bildereportasje frå spaserturen på utsida av den nye Vindfylletunnellen.