onsdag 29. juli 2020

Bergen-Kirkenes tur-retur med hurtigruta

Etappe 4, Tromsø-Skjervøy

Vi kom til Tromsø etter lunch, og vart liggande der i over fire timar.  Sidan vi hadde så god tid nytta vi høvet til å gå i land for å bli kjende med ishavsbyen.  Liv og eg var der i to dagar for eit år sidan  (sjå bloggginnlegg før turen med hurtigruta) så vi var litt kjende ifrå før.  Vi delte opp reisefylgjet i to grupper, Monica og Liv i ei gruppe og Jan og Svein i den andre.  Det var difor relativt enkelt for guidane å halde oversikt.  Jan og eg hadde ingen konkrete planar, så fyrste stopp var Tromsø Domkirke.  Kyrkjer er flotte, varierte og spanande bygg, og sidan der var ope gjekk vi innafor.  Der heldt ein pianist på med øving til ein konsert om kvelden, og vi fekk nyte nokre fine tonar den stunda vi var der.  
Været i Tromsø var upåklageleg, sol og fin temperatur så etter nokre rundar i gatene gjekk turen innom den ikkje ukjende Rorbua for nokre leskande dråpar.  Vi var og innom ein resturant for å få litt avveksling frå skipskosten.  
Tromsø er ein fotogen by med mange artige motiv, og kameraet var i bruk både titt og ofte. 
Etter nokre fine timar i Tromsø gjekk ferda vidare og snart kom Lyngsalpane til syne med sine majestetiske og flotte tindar.  Vi kom og bort i havskodde der vi såg omlag ingenting utan at det såg ut til å bekymre skipperen det aller minste. 
Ut på kvelden kom vi til Skjervøy, etter mi meining ein av dei mest idylliske stoppestadane på ruta.
Her kjem bildeserien frå fjerde etappe nordover.






















søndag 26. juli 2020

Bergen-Kirkenes tur- retur med hurtigruta

Etappe 3, Ørnes-Svolvær

Dei stoppestadane vi passerte om natta har eg ikkje teke med på etappeoversikten.  Sjølv om det kan være brukbart fotolys midt på natta, fann eg ut at det vart i tøffaste laget å vake rundt 24 timar i døgnet i 11 dagar.  Dei strekningane vi passert om natta på nordgåande, passerte vi om dagen på sørgåande slik at vi fekk med oss stort sett det meste likevel.  
Mellom Ørnes og Bodø fekk vi besøk av havguden Njord som døypte frivillige passasjerar med isbitar  og isvatn som han ausa ned med kragen. Ei av passasjerane feira og 70 årsdagen der til stor jubel frå dei andre passasjerane.  Artige innslag.
I Bodø låg hurtigruta ved kai i omlag to og ein halv time, og den tida nytta Liv og eg til å ta ein guida busstur til Saltstraumen.  Der hadde vi ikkje vore før, og det var greit med litt avveksling. Ved Saltstraumen var det mykje folk og stor aktivitet med ribbåtar.
Turen over Vestfjorden frå Bodø til Stamsund var ein dryg etappe på 4 timar.  Det var eit fantastisk syn då Lofotveggen etterkvart kom til syne og steig opp av havet. 
I Svolvær låg hurtigruta ein time ved kai før vi gjekk vidare nordover mot Raftsundet og ein av dei store attraksjonane på turen, Trollfjorden.  Ved innløpet til Raftsundet fekk vi og ein liten forsmak på noko eg hadde gleda meg til i mange månader, havørnfotografering. Dette skal eg kome tilbake til  seinare.
Sjølv om eg hadde høyrt ein del om Trollfjorden før, hadde eg ikkje gjort meg opp noko meining om korleis der såg ut før turen.  Trollfjorden var både smalare og kortare enn eg trudde, og eg må berre bli imponert over dei som manøvrerar båten, utruleg dyktige folk.
Turen gjennom Raftsundet rundt midnatt vart studert gjennom koauget frå lugaren.
Her kjem bilda frå 3. etappe.