tirsdag 4. november 2025

SIVERT HØYEM MED BAND I OPERAHUSET

Sist søndag kveld var det duka for storkonsert i Operahuset på Nordfjordeid då dei fekk besøk av Sivert Høyem med band.  Konserten har vore utseld lenge, så det var eit fulltallig publikum som møtte musikarane då dei gjekk på scena.  Og publikum fekk full valuta for inngongspengane for musikarane leverte til toppkarakter under heile konserten.  Denne gongen måtte eg opp på "galleriet" for å ta bilder, noko som var litt uvant sidan det var fyrste gongen.  Bilda blir difor litt "flyfotoprega".


















søndag 26. oktober 2025

THE JOHNNY CASH&JUNE CARTER SHOW I OPERAHUSET

Sist Fredag var det duka for Countryshow i Operahuset.  Det var musikken til Johnny Cash og June Carter som var framført denne kvelden. Ein fullsatt operasal med publikum frå fjern og nær tok imot musikarane då dei entra scena.  Det vart ein strålande konsert der kjende og kjære melodiar kom som perler på ei snor. Publikum var tydelegvis godt nøgde med det som vart servert for musikarane fekk ståande trampeklapp etter siste nummer.  Nok ein vellukka konsert i Operahuset.  Eg hadde sjølvsagt med kamera, og her kjem eit utval av bilda eg tok under konserten.  Eg har og lagt ut ein del bilder på Facebooksida mi.















søndag 19. oktober 2025

THOMAS DYBDAHL I OPERAHUSET

Fredag kveld var Thomas Dybdahl med band og heldt konsert i Operahuset.  For meg er dei relativt ukjende  musikarar, men det var absolutt ikkje bortkasta å ta turen.  Fantastiske musikarar alle i hop med fengande og litt uvande og ukjende rytmer tok salen med storm.  Publikum gav tydeleg respons på det dei høyrde med stor applaus og heiarop etterkvart som konserten skreid fram.  Det var sjølvsagt ein god del bilder på konserten, og eg har valgt ut og redigert ein del og lagt ut på Facebook, og her kjem resten av det eg tykte var brukande.
















lørdag 27. september 2025

LOTHEPUS

Heimturen frå Haugesund gjekk for meg i eit heilt framandt landskap der eg aldri har vore før.  Fjordar, fjell og dalar passerte vindauga på bussen som ein film for augo, så eg hadde knapt tid til å blunke for å få med meg alle inntrykk.  Etter nokre mil  havna vi i Odda, der det var stopp for synfaring på ein stor attraksjon: Campingplassen og stavkyrkja til Lothepus.  Det var ei imponerande oppleving.  Å vandre inne i stavkyrkja og rundt om blandt campinghyttene var som å skrue tida fleire hundre å tilbake i tid.  Eit imponerande handtverk med trearbeid og steinmuring var utført med profesjonelle hender av folk som verkeleg hadde greie på kva dei heldt på med.  Dette er ein attraksjon som verkeleg er verdt eit besøk dersom du er på dei kantar.  Under "synfaringa" på anlegget trefte vi plutseleg på fru Lothepus som heldt på med vasking av ei av hyttene.  Ho tykte at Reidar såg ut som ein skikkeleg arbeidskar, og heldt på å gje han fast arbeid på flekken.  Ferda gjekk vidare nordover langs smale fjordarmar og tusenvis av frukttre.  Det vart og tid for ein stopp med kaffipause med noko attåt.  Heile turen har vore ei fantastisk oppleving, og vi vil takke Kjølsdalen Sanitetsforening for eit utruleg profesjonelt opplegg frå fyrst til sist.  Vi håpar at det vil by seg fleire anledningar til å bli med på tur.  Her kjem nokre bilder frå stavkyrkja og campingplassen til Lothepus.