søndag 21. april 2024

SIRKUS AGORA PÅ HEIMEBANE

Eg klarar ikkje heilt å gje slepp på den fantastiske sirkusforestillinga til Jan Ketil Smørdal og Agora sist torsdag.  Kor mange tusen timar med øving som ligg bak desse spektakulære prestasjonane er umogeleg å forestille seg.  For meg og kamera er det ei kjempestor utfordring å fange alle desse halsbrekkande nummera. Det er ei glimrande anledning å få testa reaksjonsevna og kamerainnstillingane for det gjekk skrekkeleg fort i svingane til tider. Nok eingong må eg gratulere og takke for ei storarta sirkusoppleving og lukke til med jubileumsturneen vidare. Her kjem resten av dei utvalde bilda.



                                                                                       

onsdag 17. april 2024

CARTE BLANCHE I OPERAHUSET

Eg kan likegodt innrømme det fyrst som sist at dans har eg ikkje mykje greie på.  Likevel tykkjer eg det er flott å studere dei som har dansa i årevis enten det er gamaldans, ballett eller alle andre danseformer.  Der ligg hundrevis av timar øving bak kvart einaste dansetrinn og eg har stor respekt for dei som driv med dette  om det er amatørar eller profesjonelle.  Sist fredag fekk vi oppleve Carte Blanche, Norges Nasjonale kompani for samtidsdans framføre: BUT THEN, WE`LL DISAPPEAR (I`D PREFER NOT TO) av Frederick Gravel i Operahuset.  Eg var totalt uvitande om kva vi skulle få sjå, og eg vart ikkje mindre fengsla av alle krumspringa, koordinasjonen mellom dansarane og timinga med musikken og lyset etterkvart som forestillinga skreid fram.  Eg likar best å være uvitande om kva som skal skje på dei forskjellige arenane eg operar på om det er Ørnefotografering, Malakoff Rockfestival. Opera, Musikalar, Russerevyar,  eller Elskhug og eksis.  Det gjeld å ha konsentrasjon og fokus på topp heile tida for ikkje å gå glipp av noko. Carte Blanche var ikkje noko unnatak.  Eg storkosa meg under heile forestillinga og vart meir og meir facinert av det eg fekk sjå.   For spesiellt interesserte brukar eg eit Canon speillaust kamera R6, og eit objektiv som eg nesten aldri har brukt før, Sigma 85 mm 1,4.  Det fungerte kjempebra fordi det er så lyssterkt at eg kunne ha lav ISO og kort lukkertid.  Tusen takk til Carte Blanche fordi eg fekk lov til å fotografere.  Her kjem resten av bilda som gjekk gjennom "kontrollen" og som ikkje er lagt ut på Facebook.