Eg klarar ikkje heilt å gje slepp på den fantastiske sirkusforestillinga til Jan Ketil Smørdal og Agora sist torsdag. Kor mange tusen timar med øving som ligg bak desse spektakulære prestasjonane er umogeleg å forestille seg. For meg og kamera er det ei kjempestor utfordring å fange alle desse halsbrekkande nummera. Det er ei glimrande anledning å få testa reaksjonsevna og kamerainnstillingane for det gjekk skrekkeleg fort i svingane til tider. Nok eingong må eg gratulere og takke for ei storarta sirkusoppleving og lukke til med jubileumsturneen vidare. Her kjem resten av dei utvalde bilda.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar