søndag 23. august 2020

Bergen-Kirkenes tur-retur med Hurtigruta

Eappe 7, Havøysund Tromsø

Innimellom all bilderedigeringa frå Hurtigruta blir det mange andre opplevingar og fotografering så difor går det litt treigt med bilda frå turen med Hurtigruta.  Det får no så være, dei kjem no etterkvart.
Dei fleste bilda vi ser på nettet frå Nordnorge er midnattsol, høge spisse fjellformasjonar som stuper rett i havet, flotte badestrender og nydelege solnedgongar frå Lofoten.  
Misforstå ikkje, eg nyt kvart einaste bilde og studerar dei så langt tida rekk.  Eg prøver etter beste evne å vise fram det eg har sett og opplevd på heile turen langs kysten frå Bergen til Kirkenes sett frå Hurtigruta.  Til lenger nord ein kjem, til lenger er der mellom husa og grendene.  Mange av husa og dei små gardsbruka er nok nedlagde og fråflytta og kanskje brukte til feriehus og liknande.  Likevel har der budd folk for ikkje altfor mange år sidan.  Då vi passerte var det lyst heile døgnet, fin temperatur og behageleg å være ute.
Dersom vi hadde vore der i januar, februar i snøstorm, 20 minusgrader og mørkt nesten heile døgnet trur eg dei fleste av oss hadde bukka under ganske fort.
Det var korte opphold ved kai på dei fleste stader sørover denne dagen, berre i Hammerfest låg båten ved kai i ein og ein halv time.  Då vart det ein snartur i land
 der vi var innom kyrkjegarden for å sjå på gravene til Liv sine nære slektningar.
Her kjem bilda frå 7. etappe.


























fredag 14. august 2020

Bergen-Kirkenes tur-retur med Hurtigruta

Etappe 6 Kirkenes-Vardø

På grunn av mykje fint vær og mange større og mindre turar i nærområdet, har det blitt lite tid til bilderedigering.  På turen med Hurtigruta er vi no komne til vendepunktet Kirkenes.  Her låg vi ved kai i tre og ein halv time, så det vart tid til ein god tur i land.  
For ein fotograf er det alltid motiv overalt.  Det var ikkje vanskeleg å sjå at vi var på kongekrabbens heimebane.  Enorme stablar med krabbeteiner og anna redskap låg klar til bruk.  Eit hus med den kraftigaste grunnmuren eg har sett måtte og forevigast, nemleg ein bunkers frå krigens dagar.  Vi gjekk og forbi Andersgrotta, eit tunellsystem sprengt inn i fjellet, men her var det dessverre ikkje ope, så vi måtte vandre vidare.
Det er ikkje alltid så enkelt å få rette posisjonar og vinklar på motiva på ein slik tur, ein må  ofte ta til takke med det ein får frå dekk på båten.  Difor er ikkje alltid bilda av så god kvalitet, men slik er det no berre av og til.  Eg kjem tilbake med meir bildestoff etterkvart når tida tillet det.










 Den er stor myggen i Finnmark!!