fredag 26. desember 2014

Frost

Etter nokre veker med surt vær med sludd og slaps, snudde det i går på julafta og slo til med det mest fantastiske vintervær ein kan tenkje seg.  Og akkurat no går naturens eigne smykkedesignarar nermast av skaftet med kreativitet.  Små bekkar og elvar vert omdanna til dei mest utrulege kunstverk av isformasjonar og figurar.  Eg reiknar med at du som eg har litt ekstra tid no i romjula og ikkje minst godt av å forlate snopskåla og godstolen og gå ut ein tur.  Ta på godt med klede og gode sko (helst broddar) og gjev deg i veg, stopp opp litt og studer naturen i kring deg.  Du treng ikkje gå langt, bratt eller fort, men ha augene opne og studer iskrystallane på nært hald.  Til nærare du går, til vakrare blir dei.  Er du så heldig at du har eit kamera av eit eller anna slag bør du prøve å forevige noko av det du ser, og tipset er: du bør sjå motivet inn i augo, anten det er is, ungar eller dyr du fotograferar.    Det ser kanskje litt rart ut om nokon kjem over deg der du ligg og rullar i veggrøfta på motivjakt, men det er ikkje noko å bry seg om. 
I dag var eg på ein liten fotosafari i eit område eg ikkje har vore før, og det resulterte i fylgjande serie:








søndag 16. november 2014

Kulturnatt 2014

I går var det kulturnatt i Eid, og det var eit rikhaldig program som vart presentert.  Eg fekk på langt nær med meg alt som skjedde i løpet av dagen, men var på arrangementa i Operahuset om kvelden og på konsert i kyrkja. Det vart og eit besøk i gamlebanken og pubkonserten til Odd Erik Lothe, men då fekk kamera kvile.  Nivået på det som blir framført på dei forskjellige arenaer er imponerande høgt, og det er ei veldig spennvidde på innhaldet i innslaga.  Eidaborgarane er ufatteleg priviligerte som kan boltre seg i eit slikt mangfald av kultur vi har her i kommunen.  Her kjem eit lite utval bilder av det eg fekk med meg i løpet av kvelden.

 

























onsdag 12. november 2014

Malakoff 2014

Det er allereide mange månader sidan Malakoff Rockfestival gjekk av stabelen, og eg burde sjølvsagt vore ferdig med bilda for lenge sidan. Men betre seint enn aldri.  Eg tek vel fleire bilder i løpet av den helga enn mange gjer i løpet av eit heilt år, og det er mykje arbeid å gå igjennom alt, velge ut og redigere dei. 
I desse dagar skal vel ein del av programmet for neste år sleppast, så det passar vel bra med eit lite tilbakeblikk på sommarens festival.  Mesteparten av bilda er vel også og finne på festivalen sine sider.