onsdag 30. september 2020

Mannen frå La Mancha

Etter mange veker med øving, kulissebygging, kostymeproduksjon og alle andre  synlege og usynlege detaljar gjekk premieren på Mannen frå La Mancha av stabelen  i operahuset i kveld.  Eg var sjølv ikkje til stades, men har brukt kvelden på bilderedigering frå siste prøva søndag kveld.  Til meir eg ser på bilda til meir imponert imponert blir eg over innsatsen som blir lagt ned i alle ledd for å få dette til.  Eg må berre bøye meg i hatten og gratulere alle som har vore med å bidrege, de har gjort ein fantastisk jobb.  Eg gledar meg stort til i morgon, for då har eg billett på forestillinga, og kameraet skal kvile seg heime, og eg skal nyte kvart einaste sekund. Som vanleg klarer eg ikkje å beherske meg når det gjeld mengder av bilder eg legg ut, men det er fritt valg om de vil sjå igjennom alt eller hoppe over.  Her kjem i alle høve bildeserien min og motiv var absolutt ikkje mangelvare.

Musikalsk leiar:  Michael Pavelich
Regissør: Aksel-Otto Bull
Scenograf/kostymedesigner: Åse Hegrenes
Lysmeister: Arne Kambestad
Koreograf: Candice Bredesen
Hovedroller: Espen Langvik    Eli Kristin Hanssveen   Jan Erik Fillan