torsdag 3. september 2020

Bergen-Kirkenes tur-retur med Hurtigruta

Etappe 8, Tromsø-Svolvær

Det tek tid å gå igjennom og redigere så mange bilder eg hadde med meg heim etter turen.  Med mange andre gjeremål og mykje anna fotografering blir tida litt for knapp, men det kjem etterkvart.
Turen går vidare sørover i nydeleg vær og noko av det mest spanande for meg nærmar seg med stormskritt.  Eg har lenge gleda meg til ørnefotografering i området rundt Trollfjorden, og no er det like før.  På grunn av ekstremt mange fuglebilder på denne delen av turen, har eg delt opp denne etappen i to deler.  Den første utan fuglar og med bilder frå hav, fjell og idylliske plassar langs leia.  Ørnefotograferinga kjem som eige innlegg i neste etappe.  På denne etappen brukte eg to kamera, og difor er ikkje bilda i kronologisk rekkefylgje.  Det er litt for mykje arbeid å nummerere om bilda for at rekkefylgja skal bli riktig.  Mange av bilda er og tatt frå småbåt som var leigd inn til ørnefotograferinga, og det var litt artig å få studere hurtigruta mellom holmar og skjer frå ein annan båt.







































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar