torsdag 22. august 2013

Kroatia



Det har vore bloggtørke siste vekene fordi vi har vore på ferie i Kroatia og kom heim for nokre dagar sidan.  Fyrste innlegget no handlar om ferieturen med bilder frå området i nærleiken av Trogir, ikkje langt frå Split.  La det være sagt med ein gong, kroppen og hovudet mitt er ikkje konstruert for å ligge på stranda i sola, ei heller plaske i byljan blå.  Fotografering passar meg derimot veldig bra, og i nye omgjevnader hadde eg rikeleg med motiv å velge imellom.  Med 7 kg fotoutstyr på ryggen traska eg rundt mange timar kvar dag og tykte synd på dei som låg på stranda og grilla seg i solsteiken.  Det er berre å innrømme det fyrst som sist, Kroatia er eit fantastisk ferieland.  Sol, sjø, varme, nydeleg mat, trivelege folk, flotte opplagde turar både med bil og båt og Trogir der vi var er berre heilt fantastisk.  Eldgamle steinbygningar, smale gater, spanande butikkar, flotte resturantar, ja vi var tilogmed på operaforestilling i ei gamal borg med fantastiske russiske solistar. Eg kunne skrive mykje meir, men let bileta tale for seg sjølv, og her kjem eit lite utval av det eg fekk med i løpet av to veker. Ps: eg har igjen hatt store problem med å legge ut bilder på bloggen, men etter to veker i stor frustrasjon har eg endeleg klart å legge ut feriebilda.