mandag 1. februar 2021

Myklebustdalen-Stardalen

Noko  av det artigaste Liv og eg veit er å "jakte" på kortreiste dagsturar.  Det kan være turar som ligg berre nokre kilometer heimafrå som ein rekk på ein kveld, eller turar som tek heile dagen i ein radius på eit par timar.  Stort sett legg vi opp til turar der vi må gå nokre timar, for ein får alltid med mange fleire detaljar til fots enn bak rattet i ein bil.  Sjølvsagt er kamera med på desse turane så framdrifta er ikkje alltid så stor, men det betyr ingenting, opplevinga undervegs er det viktigaste. Det blir mykje kartstudering for  å finne nye ruter.  I fleire år har vi sett på ein tur mellom Myklebustdalen i Breim og Veiteberg i Stardalen.  Du visste kanskje ikkje at parallellt med Våtedalen ligg det eit dalføre som er like langt og nesten identisk.  Våtedalen har vi køyrt utallige gonger, men i sommar skulle "ekspedisjon Myklebustdalen" setjast ut i livet.  Ein fin laurdag i august inviterte vi med eit par frå nabolaget som er vande i ulendt terreng, og la i veg.

På veg inn til Myklebuststøylen møtte vi beitande kyr, sol frå skyfri himmel, glitrande elvar og irrgøne lier.  Idyllen kunne knapt vore betre.  Det vi var mest spente på var vegvalet innover dalen.  På førehand hadde eg fått greie på at ein skulle gå vekselvis på høgre og venstre sida av elva.  Heldigvis møtte vi lokalkjende folk på støylen som kunne hjelpe oss med vegvalet. Dei var ueinige i om høgre eller venstre side var best.  Etter ein del diskusjon vart vi einige om venstre side, og det var sjølvsagt feil.  I starten gjekk det fint på graskledde elvebardar og delvis rås.  Etterkvart vart det meir og meir ulendt med busk og kratt, mosegrodd steinurd og tre som låg flate etter snøras.  Råsa var totalt fråværande, og vi måtte og vasse over ei breelv som fyllde sokkar og sko med isvatn.   Då vi kom til "Skitnevatnet"var der bru over til "rette" sida av elva og råsa gjekk i myrsump og krattskog.

 Etter 250 slake høgdemeter nådde vi Bakketøylen, og vi kunne byrje på "nedstigninga" mot Veiteberg som gjekk på fin rås og god grusveg.  Vi hadde lite "turproviant" med oss, og etterkvart var svolten begynt å "gnage" i skrotten.  Vi var spente på om det var ope nokon stad slik at vi kunne kjøpe middag så seint på ein laurdag ettermiddag.  Til vår store begeistring var der ope på Stardalen sommarkafe der vi fekk servert velsmakande middag og dagen var berga.

Vi måtte opp i Myklebustdalen igjen for å hente bilen, og der møtte eg på ein "gamal" kjenning frå friidrettsbana.  Han er far til ein av "guidane" våre frå Myklebuststølen.  Eg fortalde han om "vegvalet" vårt og strevet vårt med å finne vegen.  Han hadde i mellomtid snakka med "guidane" våre og kunne meddele at begge hadde rett.  Vi skulle eigentleg gått over ei bru som ikkje var der på grunn av at den hadde reist med elva.  Jaja, beina kom heile heim!

Dersom du likar deg best på opptrakka fine stiar og vegar er kanskje ikkje Myklebustdalen det fyrste du bør gje deg i kast med.  Er du derimot vande med litt ulendt kupert terreng er det ein relativt lett fin tur på ca. 12 kilometer. På denne turen er ein avhengig av to bilar, ein ved start på Myklebust og ein på Veiteberg etter endt tur.