lørdag 27. januar 2018

Sigrid Moldestad

Det var duka for eit eventyr av ein konsert i Operahuset i kveld.  Sigrid Moldestad med sine fantastiske musikarar inntok scena  og trollbatt publikum frå fyrste tone.  
Sigrid, ikkje berre fyller du operahuset med publikum til trengsel,  du fyller salen med vellyd av tonar og tekstar, og ikkje minst har du ei utstråling som fyller kvar enkelt med hjartevarme som ingen annan.  Tusen hjarteleg takk for ei eineståande oppleving, dørene i Operahuset står vidopne og tek imot deg neste gong du vil kome på besøk.
Her kjem nokre glimt av det eg fekk med meg gjennom kameralinsa.