søndag 29. mai 2011

Auge på stilk

Sommaren er ei herleg fototid med motiv over alt dersom ein berre legg merke til dei.  Eg trefte på eit litt roligare motiv enn tordivelen i hagen i dag, ein kvit snigel.  Det er artig å studere korleis dei kan snu og vende på augene og drage dei inn dersom det blir litt for skummelt.

Meir macromonster

Eg dreiv på med noko arbeid ved huset i ettermiddag då det dukka opp nok eit macromotiv, ein svart tordivel, og den måtte sjølvsagt fotograferast.  Det og fotografere macro på frihand og stilleståande motiv er ei utfordring i seg sjølv.  Når motivet har berre ein tanke i haudet og det er å gøyme seg vekk er det mykje verre.  Eg prøvde med alle slags hundekommandoar: dekk, sitt, ligg, bli, men til ingen nytte. Likevel vart det eit nokolunde bilde av svartingen.  Noko anna eg gjekk glipp av å fotografere i dag var ei søt lita snømus som hoppa fram frå nokre vedsekkar ved huset og leika gøymsel mellom nokre steinar på tunet.  Kamera med MACROLINSE låg tre meter frå meg og då eg hadde fått på plass telelinsa hadde sjølvsagt fanten gøymt seg for godt. Prøvde etterpå nokre "skot" med macrolinsa mot området der snømusa hadde vore og det hadde gått heilt fint.  Erfaringa er: dei mest uventa motiva dukkar opp kvar som helst og når som helst, og macrolinse kan brukast på lenger avstand enn 20 cm.

torsdag 26. mai 2011

(Sommar)fuglefotografering

I kveld hadde fotoklubben samla seg i Osvika for å fotografere fuglar, men fuglane hadde gløymt datoen og var fråværande.  Vi gjekk direkte over til aktivitet nr 2, grilling i jektehola.  Det var ei koseleg stund der vi faktisk fekk fotografere nokre svoltne måsar som såg ut til å like pølsebrødet vi serverte.  Litt andre fuglar fekk vi og inn i linsa og eg takkar Jeanette fordi du er så stødig på handa, du er eit glimrande macrostativ. 

søndag 22. mai 2011

Macro

På mi vandring i dag kom eg over denne vesle søte skapningen som gjerne ville være med på bloggen min.  Det er ikkje alltid ein kan velge bakgrunn når ein har med levande sarte vesen å gjere, så bildet vart som det vart.

Bruer

Eg har vel så vidt nemt før at fine gråsteinsmurar er noko av det flottaste eg veit, og ikkje minst gamle kvelvingsbruer mura i gråstein.  Planen min har lenge vore å byrje fotografere desse fantastiske byggverka, og i dag gjekk turen til brufotografering i nærområdet.  Det er ikkje mange som susar forbi desse monumenta på gamal byggekunst mellom Eid og Stryn som legg merke til og tenkjer over kva slit og arbeid det har vore og lage desse solide murane.  Vi skal hugse på at det er ikkje lenger enn ca 30 år sidan svære trailarar dundra over desse bruene.  Dei eldste er riktignok frå Den Trondhjemske Postvegen i Markane, men likevel.

søndag 15. mai 2011

Macromonster

Eg dreiv på med noko arbeid ved huset i ettermiddag då eg fekk kjensla av at 500 par auger stirde meg i nakken.  Brått fekk eg auge på ei diger bille som sat ved husveggen.  Vegen var ikkje lang for å hente kamera med mitt nyinnkjøpte macroobjektiv, og dermed var portrettfotograferinga i gang.  Vi går ei spanande tid i møte med mykje rare skapningar som dukkar opp i hagen og ellers alle stader der vi ferdast.  Med litt tolmod kan vi fotografere og studere desse raringane på nært hald. 

søndag 8. mai 2011

Macro

På denne tida av våren når alt spirer og gror, plantar kjem krypande opp av den grå og visna bakken, lauva faldar seg ut i dei finaste fargar og formasjonar, då kan ein nesten ikkje la være å dra til skogs med kamera rundt halsen.  I mangel av macrolinse gjorde eg i dag eit eksperiment eg ikkje har prøvd før.  Eg har eit 50 mm fast objektiv 1,8 og ein macro mellomring og det fungerte brukbart, litt vanskeleg å regulere avstanden til motivet på grunn av manglande zoom, men "man tager hva man haver".

Hingsteutstilling

Den årlege hingsteustillinga gjekk av stabelen frå torsdag til laurdag og for fyrste gong prøvde eg meg som hestefotograf. Det er ikkje så enkelt for ein som er heilt uvitande om alt som har med hest og gjere og møte fram blant garva hestefolk for å forevige stasdyra.
Beste trøsta fekk eg av ein av dei beste hestekarane som sa at dersom du ser inn i ringen er det mange der og som ikkje har peiling.  Det var mange av hingstane som vart sende ut. 
Her kjem eit bittelite knippe frå dagens mønstring.

mandag 2. mai 2011

Stadtlandet

I dag gjekk turen til eit av mine yndlingsreisemål, Stadtlandet. Fantastisk vær, ein natur som tek pusten frå ein, gamle kanonstillingar og tunellar frå krigens dagar, og ikkje minst ei mengde av steingardar og hus mura i gråstein får ein hobbymurar som meg til å bøye seg i grenselaus beundring. Her er eit lite knippe bilder frå turen, kjem kaskje meir seinare.