mandag 28. august 2023

TRIVSELSSKOGEN

Eg kunne ikkje dy meg, men måtte legge ut litt fleire bilder og kommentere noko meir av opplevingane i Trivselsskogen på Sandane.  Eit fantastisk opparbeida område, med fine stiar, imponerane Sherpatrapper, trimapparat for alle salgs øvingar, hytter og benkar for kvile, rekreasjon og avslapning, massevis av artige figurar til underhalding og observasjonstrening for den yngre garde, flotte skulpturar utskorne med motorsag og sjølvbetjent saftstsjon for å nemne noko.  Eit utruleg rikhaldig område  for alle aldrar  som inviterar til trening og aktivitet der du kun konkurrerar med deg sjølv om du vil.  Eg har sjølv for mange år sidan drive med idrettskule, friidrett og langrennstrening for hundrevis av ungar, og dette området er som skapt for alle slags fysiske aktivitetar.  Eg må og i same andedrag få nemne "Myra" nær sentrum av Sandane, (har dessverre ikkje fått "inspisert" den enno, men det står høgt på prioriteringslista). Eit utruleg flott område for både sommar og vinteraktivitetar.  Eg er heile tida inne på FB og sjekkar aktivitetane der og er kjempeimponert over det arbeidet som blir gjort  for idrett og leik for store og små.  Eg kan ikkje få skryte nok av alle dei som legg ned heile si sjel i arbeidet med opparbeiding og vedlikehald der.  Eg kunne ha skrive side opp og side ned om kor store verdiar desse anlegga har for trivsel og folkehelse, men vil berre runde av med å gratulere alle involverte i desse anlegga med eit praktfullt arbeid der verdien av innsatsen ikkje er målbar i kroner og øre.  Her kjem nokre fleire bilder frå turen i Trivselsskogen i går.






















torsdag 9. mars 2023

VINTERSTEMNING

Det vart ein spasertur med kamera i strandsona i dag og. Nysnøen hadde pynta busker og trær så det var som å gå i ein eventyrskog langs elva.  Motiva varierar nær sagt for kvar meter.  Det er berre å la augene gå på oppdagingsferd og la fantasien få fritt spelerom.  Då kjem motiva farande i rekkje og rad.  Her kjem resultatet av dagens trim og fototur.

 


onsdag 8. mars 2023

BYVANDRING I NYSNØ

Av forskjellige årsaker er det blitt mange månader sidan eg sist la ut bilder på bloggen min.  No vil eg prøve meg med eit  lite innlegg igjen.  Det har vore ein skiftande vinter når det gjeld været.  Ein dag mildt og regn og ein dag snø og kulde.  I helga lava snøen ned og la eit pudderlag over by og bygd.  Nysnø kan ofte gje fine fotomotiv, og difor la Liv og eg ut på ei byvandring langs sjøen for å sjå om det dukka opp noko spanande.  Det vart som vanleg altfor mange bilder, og kor spanande motiva er kan no kvar og ein vurdere sjølv.  Vi tykte no det var ein tur med mange motiv når urørt snø dekker bord og benkar, busker og tre i sentrum.