tirsdag 17. mai 2016

På pinsetur

Noko av det kjekkaste Liv og eg veit er å dra på oppdagingsreise i dette fantastiske fylket vårt, Sogn og Fjordane.  I går gjekk dagsturen via Hyen til Eikefjord og til det eigentlege målet for turen, helleristningsfeltet i Ausevika. Vidare til Vefring, Naustdal, Førde og Jølster.  Dei fleste busslommane og avkøyrslene vart flittig brukte til å sleppe forbi bilar som heldt større fart, og det gjorde alle.  Når vi er på fotomysetur er det mykje som skal studerast og då går det ikkje fort.   Vi kan ikkje ta med alt, for heile fylket er eit einaste stort fotomotiv i slikt vakkert maivær.  Ved Breimsvatnet fekk eg endeleg oppfylgt eit av mine store fotoynskjer dei siste åra, den vesle fossen ved Sagefloten.  Slørebilde av den har lenge vore på ynskjelista, og no klaffa det.  Her kjem eit lite utval av bilder frå turen.















onsdag 4. mai 2016

Der båra bryt

I mange år har eg tenkt å ta turen på eit kulturarrangement i Bremanger.  Sist laurdag drog eg vestover mot havet til Grotlesanden og "Der båra bryt".  Ein betre kulturdebut i Bremanger kunne eg knapt nok oppleve.  Storslått natur rett ut mot storhavet som låg blikkstille i solnedgongen og ein scenografi som eg aldri har sett maken til.  Eg vil ikkje prøve å skildre handlinga, til det har eg for lite bakgrunnskunnskap, eg vil berre gratulere heile Bremanger med ein eineståande innsats rundt denne oppsettinga.  Kor mange tusen timar i planlegging, øving og dugnad for å få dette til er det vel ingen som veit, eg bøyer meg berre loddrett i Grotlesanden i rein beundring.  Sjølvsagt var kameraet med på turen og eg har etter beste evne prøvt å få med meg noko av handlinga.  Bilda kan likevel på ingen måte erstatte opplevinga med å være tilskodar "live".

Eg tek og i denne samanheng sjansen på å legge ved ein song eg har skrive for fleire år sidan, og som heiter akkurat " Der båra bryt", og tykkjer den passar godt i denne samanheng. Skulle du ha lyst til å prøve å synge den er melodien "You raise me up".


Der ligg ei bygd i havet ut mot vest
der båra bryt og stormane er gjest
der er min heim der vil eg gjerne væra
der vil eg bu, der likar eg meg best.

Der har far og mor mi gått og streva
med mange ungar og i tronge kår
dei sleit seg ut i kampen for å leva
gi oss ein heim vi kunne kalla vår.

Dei bygde hus av stein på skrinne tufter
dei rydda jord imellom berg og sva
dei plukka ved i mellom stein og klufter
og levde av det som naturen gav.

I solnedgong eg ser utover havet
der hav og himmel møtest skyer brenn
ei lita stund eg gløymer slit og kavet
og kjenner at eg finn meg sjølv igjen.

Her er min heim her vil eg gjerne væra
her ute på mi kjære barndoms øy
her er det fint, her kan eg gjerne streva
her vil eg bu, her vil eg gjerne døy.